Når begge i hushaldninga har breie føtter, gir det utfordringar når ein skal kjøpe nye sko.
Eg har breie føtter, rett stortå og låg vrist. Breiaste punkt er veldig langt fram (kvalifiserer for personnummer i Andeby).
Sambo har breie føter, høg vrist og volum, og meir "vanleg" stortå. Han har breiaste punkt litt lenger bak på foten enn meg.
Vi er begge aktive med friluftsliv og jakt, og treng gode sko til varierte aktivitetar. No har vi nettopp hatt eit nytt handlerafs, då mykje var utslitt både for sommar og vinterbruk. Mange par sko har kome i posten, og mange i retur. På grensa til pinleg overfor postdama.
Etter denne handlerunden tenkte eg her oppsummere litt "dagens" skogarderobe, kanskje kan det hjelpe andre med liknande kroppslege raritetar 😂
Fint om andre med breie eller utfordrande føter hiv seg på med sine tips
Skogarderobe frøken Andeby;
Women's Kayland Globo goretex.
Nokre av dei breiaste støvlane eg har prøvd nokon gong, skal no tas i bruk. Nokså stive for skafthøgda si, og krev nok ein tur eller to med litt inngåing. Skal få bli med i norske fjell når sekken er tung, terrenget tøft og på jakt. For den med vanleg stortå vil eg tru den sitt med ein gong. For meg som har rett stortå, kan det hende eg tek han med til skomakar for å få nokre mm til for stortåa sidevegs, dersom det ikkje ordnar seg etter inngåing. Uansett den støvelen eg har prøvd som truleg krev minst arbeid sidevegs for stortå. Bra med volum, så eg må snøre tett. Brukar min vanlege storleik.
Scarpa women's SL active
Utan membran. Ikkje fullt så breie som Kayland i heilt front, men god breidde baketter. Sitt godt rundt foten for meg som har lågt volum, men eg trur at den også kan høve den med meir volum då snøringa går langt fram.
Ikkje fullt så stiv som Kayland. Skal få bli med på tur i fjellet i moderat terreng eller ved sekk under 20-25 kg. Blir med til Island på 6 dagerstur med 4 dagar moderat terreng og 2 dagar meir krevjande. Vonar å kjøre sekken under 20 kg. Gjekk opp ein halv storleik.
Topo traverse
God terrengsko utan membran. Litt demping slik at han funkar greit å hardare underlag med dagstursekk. Tåbeskyttelse som faktisk funkar.
Veldig god plass til mi rette stortå, den får verkeleg gjere jobben sin. Sitt tett på foten, kan kanskje bli knapp om ein har stort volum/høg vrist? Usikker.
Både drenerer og tørkar raskt når ein har plumpa i vatn. Brukar same str som fjellstøvlar og skisko for å fære fint med tæra.
Altra Olympus gtx
Gode terrengsko med mykje demping, stabil sole. God plass til mi rette stortå. Ein del volum, så denne må eg snøre tettare enn Topo, og lage kameløyrer med dei to bakaste hola. Blir med som eit ekstrapar til Island. Mistenker mykje harde parti og har hatt nokre utfordringar med bekken siste månadane, så harde støt kan bli litt tøft i lengda. Same storleik som for Topo.
Bergans jaktstøvlar
Breie og god, plass til stortåa mi. Blir berre brukt når eg absolutt må då eg eigentleg likar å gå med så lett fottøy som mogleg. Det vil sei i veldig vått og myrete terreng, der eg treng meir støtte enn eg ville fått i ein gummistøvel.
Noko rette i hælkappa, så eg har levert dei til skomakar for å få banka hælen litt mjukare og "hole" den litt. Steike god yttersåle, både i gjørme og på stein. Brukar min vanlege storleik.
Nytt innlegg med ymse Crispi, La Sportiva og Meindl kjem ved høve.