Vinnerliste
Populært innhold
Viser innholdet med mest poeng fra 28. mars 2023 i alle områder
-
Etter å ha hatt min første lengre skitur på fjellski i Januar over Hardangervidda gjekk det ikkje mange dagane før eg byrja å fundere på ein ny tur til dette vakre fjellandskapet. Å gå med pulk var ei åpenbaring for meg under turen på Hardangervidda, så det var berre å finne ut korleis eg skulle få fri. Er så heldig å jobbe turnus, så då tok eg ut ei veke ferie og fekk tima det slik at eg fekk to veker fri. Då var det berre å planlegge kvar eg skulle reise. Tenkte på Finnmarksvidda, men det vart ikkje aktuelt då det krever litt meir logistikk og peng for å gjennomføre reisa frå Oslo. Valet fall på å gå gjennom Skarvheimen og over Hardangervidda til Haukeliseter, transporten vart buss. Det gjekk lettare å planlegge og pakke til denne turen enn Januarkryssinga over vidda. Det var berre å finne fram igjen utstyret og legge igjen det eg ikkje brukte sist for å spare litt vekt. Handla mat for totalt 2000kr: 12stk Real Turmat, sjokolade, nøtter, løfser og snop. Med bussbillettar som havna på totalt ca 1200kr, så har ein 14 dagars ferie for ca 3200kr. Ikkje så gale det. Etter å ha komt heim frå nattevakt 1. mars og sove to timar var det berre å bryte seg opp, få i seg ein kaffi og kle på seg turklea. Ein god kompis køyrde meg til Sandvika bussterminal for avreise. Fekk som vanleg dårleg tida, var framme 1min før bussen skulle gå, sprang over plassen der med pulken på slep og ski i handa. Heldigvis var den forsinka så rakk det fint. Etter ein busstur på ca 4 timar vart eg satt av på Tyinkrysset. Fantastisk veir, sol frå skyfri himmel og vindstille. Endelig i gong! Dag 1, Tyinkrysset - Forbi Tenlefjorden 7km. Starta å gå ca kl 15. Fann vegen greit bort til skisenteret. Spurte mannen i heisbuda om det er råd å få tatt skiheisa opp, men det var strengt forbode med pulk. Lagå, då var det berre å trakke i veg oppover ei temmelig bratt preppa løype med 40-50kg pulk. Skia vart lagt på pulken og fekk maura meg oppover. Sveitta rann, men det var fint veir. Ca 300 høgdemeter seinare kom eg meg endelig opp til toppstasjonen og fekk på meg skia. Framleis litt stigning i 100 høgdemeter til eg kom opp på Vesleåntjernet. Flott skiføre å gå på, hardt vindpakka og tidvis skare. Fantastisk utsikt mot Jotunheimen i nord. Gjekk vidare over Tenlefjorden før eg slo leir rett før stigninga opp mot Sulebu. Slo opp teltet, Helsport Patagonia og innlosjerte meg. Utruleg deilig med god plass i teltet. Imponert over liggelengda, 235cm liggelengde gjer at posen ikkje subbar i duken noko som gir litt betre komfort på natta. Vekta er likevel noko dryg, 6-7kg gjer at det kanskje er litt tungt som solotelt. Etter å ha ete Monsen turmat som låg igjen frå forrige tur og trykt i meg litt kakao og ei løfse sov eg godt. (Avreise frå Sandvika) (KLAR!) (Bratt og tungt, men flott veir og upåklagelig utsikt) (Utsikt nordover til Jotunheiemen og Uranostind) (Suletind og Suleskaret som er morgondagens etappe.) (Første leirplass) Dag 2, Tenlefjorden - Eldrevatnet, Hemsedalsfjellet 19km. Etter ein halvtimes slumring var det duka for oppstandelse kl 0630. Børsta litt rim frå duken før eg byrja å fyre i primusen. Kokte opp vatn for dagen og fekk i meg graut og tre koppar kokekaffi. Kom meg i gong til avmarsj 0915. Sol, men litt vind frå sør på starten av dagen. -15C. Var ganske frisk vind på Sulevatnet, men kjekt å kjenne litt på det. Fulgte skutersport heilt opp til Suleskaret. Bratte spor, snøskuter har ikkje høyrt om bauting. På sunnmøre er vi kjent med bautefenomenet, det gjorde det noko lettare oppover. I skaret tok eg ei lenger pause i sol og vindstille. Tok ut soveposen for å tørke i den deilige sola. Mykje meir bet i sola no enn i januar, utruleg deilig. Vidare mot Eldrevatnet byrja vinden å snu, tok seg opp frå NV. Tippa vindkasta var oppimot 20m/s, vart blåst bortover av vinden. Heldigvis fekk eg vinden i ryggen! Ca kl 15-16 var eg vel nede ved Eldrevatnet. Litt strevsomt å sette opp teltet åleine i kast på opptil 19-20m/s, men fekk det opp på eit vis. Fredag var det meldt 20m/s på jamna og opptil 25-27m/s i kasta oppe på Bjordalsbu. Det er ikkje noko serligt til fjellveir, så då vart dag 3 brukt til å ligge i teltet og sture, lese bok og drikke kaffi. Deilig det også, men litt kjedelig når det er så pass tidleg i turen. Måtte ut fleire gongar for dag og grave vekk litt snøfokk frå teltet. På kvelden stilna det og fekk ein fantastisk stjernehimmel med måneskin. (Løypene preppar seg ikkje sjølv, deilige trikkeskinner som var for smale for mine fjellski.) (Det går stort sett i sjølfie og landskapsbileter på solotur...) (Sulebu. Her var folk så eg rasa meg kjapt forbi. Vert fort folkesky.) (Suletind.) (Pause i Suleskaret, vindstille og fint i sola) (Det vart litt pulkvelt på turen, her er beviset.) (Vinden tok seg opp iløpet av dagen, kraftige kast frå NV. Litt snøfokk frå fjellet i biletet.) (Leir ved Eldrevatnet. Var veirfast her på dag 3) (Godt med graut til frukost, blir ikkje lei den faktisk) Dag 4, Eldrevatnet - via Øljusjø til Bjordalsbu, 15 km. Stod opp kl 08. Skodde og white-out så drøyde an litt i teltet med litt svart gull og ei løfse. Kom meg vel avgarde kl 11, grei vind. Berre 10m/s frå NV på Eldrevatnet, men det tok seg meir opp når eg trakka meg vidare oppover mot Øljusjø. Tok ei pause om lag midt på Øljusjøen, nøtter og sjokolade. Kaldt med vinden og -15C, men heldigvis god sikt. Skal seriøst vurdere dunshorts/dunbukse til neste tur, sikkert godt i pausene. Evt berre kjøpe ein jervenduk og ha klar på toppen av pulken. Gjekk opp til Hemsedalstjønna, gjekk litt feil så det vart 70 høgdemeter meir enn nødvendig. Kjekt med gratis trim. Opp ytterligare 150 høgdemeter til Bjordalsvatna der eg fekk vinden i mot. På med skibriller og kjempe seg oppover. Var bratt nok, oppimot 25-30 grader på det brattaste. Ansåg skredfaren som låg då snøen var ekstremt tettpakka og det var avblåst på alle hamrane som var ovafor meg. Tenkte likevel det er greit å opphalde seg kortast mogleg i potensielt skredterreng så gjekk oppover så fort eg klarte. Truleg 15-16m/s på det jamne oppover stigninga der og heilt til eg kom fram til Bjordalsbu. Kjente røyklukt når eg nerma meg hytta, og plutselig stod eg 10m frå hytteveggen. I natt er det greit å sove på hytte vel? Det frista med ananas og vaniljesaus. Inne på hytta var det 5 tyske skituristar, frå Stuttgart. Eg fekk ein støyt akevitt i det eg kom inn døra og fekk smake tysk couscous med ein saus til. Hyggelige folk altso! Fekk tørka opp sovepose og skisko på hytta. Det er vel lov å unne seg litt komfort på tur? (Kryssa vegen på Hemsedalsfjellet) (Frisk vind, godt med skibriller då!) (Opp brattå frå Hemsedalstjønna mot Bjordalsvatnet og Bjordalsbu) (Her ser ein at det bles greit) (Ananas på boks med vaniljesaus er ein herleg dessert etter nokre timar i litt dårleg veir. Den var fryst så måtte tine den i keilen, noko som ga ein god og søt smak under seinare snøsmelting.) Dag 5, Bjordalsbu - Iungsdalskaret, 25km. Denne dagen hadde vinden løya litt, men var framleis absolutt tilstades. Sola hadde likevel gløtta fram og skulle gjere dette til ein bra dag. Etter frukost på Bjordalsbu kom eg meg avgarde kl 09. 16km med herlig, slak nedoverbakke i stikka løype til Djupsvatnet. Ekstreme vindskavlar på vatna, nokre rakk med opp til kneet. Stilig å gå på. Ved Mjolgedalsvatnet møtte eg ein kar med pulk som hadde gått frå Finse og var på veg til Bjordalsbu. Han kunne anbefale karbonadesmørbrød til lunsj på Iungsdalshytta. Det høyrdes jaggu godt ut, så då var det berre å gønne på vidare utan pause heilt fram dit. Der vart eg tatt godt imot av ei hyggelig vertinne som serverte tidenes karbonadesmørbrød med sylta raudlauk. Himmelsk! 160kr for smørbrød og kaffi, vel verdt pengane. Etter å ha nydt varmen og ein god kaffi maura eg meg vidare framover Iungsdalen. Opp nye 400 høgdemeter i motvind. Stikkene går som vanleg rett opp, så gjekk litt ut frå desse i kjent bautestil. Nokre stader går stikkene i så bratt terreng at det hadde vore strevsomt å gå der med randoski med full helløftar. Ikkje alltid naturlege vegval for ein skiløpar… Kom meg etterkvart opp og la meg til i skaret, litt høgt i terrenget. Det var meldt kaldt på natta, -25C så då er det lurt å legge seg i høgda. Fekk opp teltet og kokte vatn til Real Turmat og fekk i meg ei løfse. Vinden stilna og det vart ein fantastisk måneskinshimmel, nesten fullmåne no! (Klar til avmarsj frå Bjordalsbu) (Sørover over Bjordalsvatnet. Måtte prøve å vere litt meir kreativ i val av motiv.) (Stikka løyper heilt til Finse herfrå.) (Det var lite moglegheiter for å kjøpe Stølsrumme her denne dagen... Var vel stengt.) ( (Innover mot Iungsdalshytta) (Beste karbonadesmørbrødet eg har smakt.) (Vidare innover Iungsdalen etter ei nydeleg pause) (Vart forferdelig varmt på beina, luksusproblem.) (Vinden nektar å gi seg denne dagen. Opp Iungsdalen var eg så heldig å få den rett i fleisen.) (Men humøret er bra!) (Leir i Iungsdalskaret.) Dag 6, Iungsdalskaret - Flakavasskaret, 25km. Nydelig dag, sol, vindstille og kaldt. Sola varmar utruleg godt! Gjekk vidare 1 t mot Kongshellaren. Der vart det jaggu ein kaffi i solveggen. Vidare mot Geiterygghytta møtte eg eit eldre par frå Canada som skulle til Kongshelleren. Møtte også ein ire nede ved Bolhovd. Utruleg mykje utlendingar i fjellet! Det var eg ikkje klar over. Sola varma godt, måtte lufte på skiskoa heile dagen. Når eg kom ned til Geiterygghytta møtte eg to sunnmøringar som anbefalte vaffelpause, og slik vart det. Nydelig vafle av god størrelse med mykje rømme og sylte smakar godt for ein stakkars fjellfant. Klokka halv seks traska eg meg vidare etter at sola gjekk ned. Fann ut at eg like gjerne kan gå litt lenger når det er så fin måne og klarveir. Kaldt, -20C og eit nydelig skareføre. Gjekk opp bak Kittilsbunosi og vidare gjennom skaret til Storfonnosi og Godfjell. Målet var å komme seg opp Flakavasskaret, men det såg litt bratt ut. Prøvde meg likevel oppover. Gjekk opp litt langt til venstre under nokre berg, det vart etterkvart litt vél bratt. Var litt i tvil om eg hadde gått meg fast. Måtte ta av pulken og gå litt fram for å sjå om det var mogleg å traversere med pulk. Det gjekk akkurat, med pulken hengande på sida og slepte den framover bratta på skaren til eg kom fram i ei litt slakare stigning der eg kunne baute opp til toppen av skaret. Der oppe fann eg den finaste teltplassen eg har hatt nokon gong! Heilt nydelig utsikt både sørover og nordover. Vindstille og eit magisk måneskin. Deilig å komme seg inn i teltet kl 21, ete ein real og sovne i kulda. ' (Det var kaldt på natta, truleg -25-30 ℃. Rima godt både ute og inne.) (Og i trynet.) (Joggesko er steikje kjekt å ha i pulken. Fint på hyttene og når ein skal ta bussen.) (Kaffi i solveggen, godt å kose seg litt.) (Sørover!!) (Framme på Geiterygghytta) (Deilig vafle med mykje rømme.) (Det var ein nydelig kveld for litt skilauping og god trim) (Endelig oppe i Flakavasskaret. Gode gamle Orion kom også på besøk og skulle helse frå universets ytterpunkt. Kan ein finne flottare leirplass??) (Fire in the pot turmat, Pulled Pork. Heilt grei smak, var faktisk ganske tørr den maten. Vil ikkje anbefale den, men grei smak. Var likevel godt etter denne dagen.) Dag 7, Flakavasskaret - Finnsbergskaret, 26km. Sov litt frampå, ca til kl 08. Var litt trøytt etter gårsdagens strabas opp motbakkane, så kom ikkje meg avgarde før kl 11. Like greit å vente til sola kjem høgt opp uansett. Gjekk over Flakavatnet og vidare mot Finse, der eg var framme litt over kl 12. Der skulle eg kjøpe suppe på hotellet, men bankkortet låg i Oslo, så spurte om dei tok Vipps. Det var ikkje mogleg å få til, litt rart? Møtte heldigvis ein trivelig guide som kunne legge ut for meg så eg fekk vippsa han. Suppa smakte herlig! Rallarsuppe med reinsdyr og lammekjøt. Så fantastisk deilig å ta lønsjen på hyttene i området her. Skikkelig luksus! Møtte eit eldre ektepar her, der mannen hadde vore med å spele inn Star Wars Episode V. Isplaneten Hoth er tydeligvis Hardangerjøkulen og rett nedanfor hotellet på Finse i snøstorm! Det var eg ikkje klar over. Stilig. Satt på Finse i ca to timar og nytte fineveiret. Sol og vindstille. Klokka to maura eg meg vidare, målet for dagen var Finnsbergskaret. Gjekk raskt å gå i stikka løype opp til Finnsbergvatnet. Kjapt føre og følte meg i grei form. Tok berre tre timar til Finnsbergskaret og då la eg meg til der. Nydelig tur! Åt middag, leste bok og slappa av før søvnen tok meg. (Graut i dag også gitt.) (Her stod det eit telt. Steike fin teltplass!!) (Utsikt frå teltplassen) (Litt stilig fjellformasjonar) (Flott foss.) ' (Jervespor. Såg mykje spor, men ingen jerv på den turen her.) (Isplaneten Hoth, også kjent som Hardangerjøkulen her til lands.) (Finse! Endelig halvvegs på turen!) (Litt rart med togskinner midt oppå fjellet) (Hotellet) (Takk til guiden som la ut for meg. Litt betre kost enn nøtter og sjokolade.) (Finnsbergskaret) Dag 8, Finnsbergskaret - Gunnarhøgda, rett sør for Trondsbu, 27 km. Opp kl 08. Litt meir vind igjen i dag, 10-12m/s frå NV og -15C. Litt sur start på dagen med ein uheldig toalettopplevelse. Dei som veit, dei veit. Treng vel ikkje seie meir enn det. Når eg starta å gå var kroppen ganske tung, tenkte at det går seg vel til. Det gjorde det ikkje. Når eg kryssa RV 7 ved Halne var eg temmelig nære på å gi meg. Det frista skikkelig å berre ta buss tilbake til Oslo og ta seg ein dusj og ei pils. Hadde ein lang monolog til kameraet mitt der eg funderte på kva eg skulle gjere. Måtte ha to kaffikoppar før eg konkluderte med at det er svakt å gi seg no, så det var berre å bite tenna saman og gå vidare. Alt var tungt denne dagen, sjølv om vinden stilna og det eigentleg var ein ganske fin dag. Såg ein gjeng som kita litt sør for Hætjørna, det såg ganske artig ut. Kanskje det er neste tingen ein skal prøve? Stikkinga stoppa etter Hætjørna, så det var litt finare fjellopplevelse å gå vidare. Føles ut som ein går på ein motorveg når det er stikka løyper, men det er jo ei tryggheit i det også. Vidare sørover til Lundhauketjønn og ned Loftstovedalen til Bjoreidalen. Gjekk så oppover mot Trondsbu. Terrenget er no kjent Hardangervidda stil, langt, slakt og flatt. På slutten av dagen telte eg steg for å ha noko å styre med og halde haudet litt opptatt. Kom vel oppi 1042 steg. Slo leir kl 18 rett før Gunnarshøgda. (Halnehøgda) (Kaffipause og monolog for å motivere seg sjølv til å gå vidare) (Folk som kitar. Ser eigentleg ganske gøy ut, kanskje det blir neste prosjekt?) (Berre iløpet av nokre få kilometer endrar landskapet heilt karakter. Klassisk Hardangerviddelandskap her, langt og flatt. Ganske deilig å gå i.) (Kom over spor frå ein diger reinsflokk! Kult å sjå!) Dag 9, Gunnarshaug - Sandhaug, 12km. Dette vart ein kortare dag. Sol og lett bris frå sør. Litt mildare, sikkert -12-13C. Såg mykje reinsdyrspor og jervespor ved Langvatnet. Møtte to snøskuterar. Såg ein ravn. Ellers ikkje noko vilt å sjå. Kroppen føltes litt betre i dag, så planen var å gå vidare frå Sandhaug, men når eg såg at her var sjølvbetent del vart fristelsen for stor med ei natt på hytte. Møtte ein trivelig sørlending her som var på tur i ein månad, sprekt! Vi sprengfyrte og satt begge pris på ei natt i varmen. Fekk tørka skoa og kvilt meg godt her. Vart berre 12 km men no har eg god tid, då er det berre å nyte resten av turen. Deilig å kunne ta inn på ei hytte og sleppe å vakne kl 05 og småfryse. På kvelden vart det kaldt, -25C men ein fantastisk stjernehimmel. (Sør for Sandhaug ser vi at landskapet blir meir kupert.) (Sandhaug) (Tok inn på den sjølvbetente hytta. Deilig å fyre i omnen.) (Det vart ein heilt fantastisk kveld. Beinkaldt så det var godt å sove inne) Dag 10, Sandhaug - Hellevassbu, 35km. Etter å ha inntatt frukost, kaffi og fått vaska oss ut gjekk sørlendingen nordover og sunnmøringen sørover. Sol, vindstille og rim i ansiktet. Fantastisk dag. Gjekk Austre Lakadalen, over til Hansbu. Vidare opp til skaret til Jakobsbudalen der eg tok ei lita pause med kaffi og tjukkløfse. Gjekk så ned til Nedste Bjørnavatnet, der eg såg ein raudrev i himmelsjå. Fekk traska meg opp siste stigninga til Uravatna. Der var det litt vanskeligare å navigere med mykje moreneryggar og små helningar, men det gjekk greit nok å finne vegen ned til Hellevatnet. Planen var å telte, men tenkte at eg måtte bortom Hellevassbu og sjå korleis der ser ut. Tenkte at dersom der er folk, så søv eg i telt. Når eg kom dit var hytta tom, så freistinga vart for stor. Låste opp med DNT-nøkkel og såg meg rundt. Vurderte telt eit halvt sekund, men det kjem vel ikkje folk hit så pass seint på kvelden vel? Klokka hadde passert halv sju. Søv her i natt! Fyrte opp og åt frå fellesmatlageret. Deilig med knekkebrød og leverpostei som folk hadde lagt igjen. Litt fast føde gjer vel godt for magen no. Låg lenge i senga på stova og las bok. Litt vemodig at turen snart er over. Først no eg har begynt å komme skikkelig inn i turbobla. Kunne fint hatt ei veke til i fjellet. Alt har ein ende, men pølsa har jaggu to. (Fekk pannekake til frukost med sørlendingen, hyggelig fyr!) (Sørlendingen går nordover, Sunnmøringen går sørover.) (Det var kaldt i dag også, rima godt i fjonbarten) (Snart framme med Hansbu) (Meir kreativitet i valg av motiv. Vinn vel ikkje prisen for årets naturfotograf her...) (Biletet til tross er eg faktisk ganske fornøgd med livet her) (Einaste åpne vatnet eg såg på turen. Ein må vere forsiktig i elveosar sjølv om det har vore minusgrader stort sett heile vinteren) (Nede ved Hellevatnet etter litt knøding med navigering på Uravatna) (Herlige fruktcocktail!) Dag 11, Hellevassbu - Haukeliseter, 23km Stod opp kl 09, brukte god tid med kaffi og fyr i omnen. Etter mykje forsking fann eg ut at utan kaffi hadde turens vanskeligheitsgrad auka med 92%, P=<0,001. Mildt, berre -8C, litt vind frå NV. Gjekk greit opp Simletindskaret og vidare nedover dalen. Rett før stigninga opp til Mannevatn møtte eg to karar på skuter som var ute og stikke løyper. Dei kunne meddele at pga grunneigarkonflikt fekk dei ikkje lov til å stikke frå Mannevatn og ned til Venaretjønn før palmehelga. Lagå, tenkte eg, er jo ikkje så nøye med den kvistinga. Stigninga opp til Mannevatnet og skaret ved Vesle Nup var steintung og bratt. Vinden tok seg opp og eg fekk den midt i fleisen. Det byrja å snø og sikta vart verre og verre før eg nådde skaret. Der oppe vart det ganske flatt lys. No skulle eg gjerne hatt stikkene, for no starta ei manøvrering i ulendt terreng med mykje hamrar og bratte kantar. Flatt lys og såg ikkje forskjell på opp og ned. Dette gjorde dei siste 5km av turen til turens mest krevande. Gjekk meg litt vill, plutselig var pulken på veg utfor ein hammar, snudde og gjekk fiskebein litt oppover igjen. Plutselig var eg nede ved eit vatn, som var Loftsdokktjønn. Forbanna greier, litt for langt aust. Dreia litt meir sørover. Måtte fram med Norgeskart appen for å sjekke posisjonen. Alt for langt aust. Heldigvis letta sikta litt og eg fekk etterkvart rent meg ned mot Haukeliseter. Den nedkøyringa var plankekøyring i forhold til frå skaret og ned til Venaretjønn. Såg tre ryper der som beita på ein lyngrabb som såvidt stakk opp. Var nære på å slå opp teltet når sikta var på det verste, men det frista for mykje med burger og øl på Haukeliseter. Vel framme var det berre å kaste eine pulkbagen inn på rommet eg leigde, rett i restauranten og bestille ein burger og ei pils. Nydelig tur! (Fint å gå nedover dalen forbi Simletind) (Simletind) (Nede i Slirdokkhølen møtte eg to karar som var ute å stikka løyper. Slo av ein prat her) (Etter to timar med baksing i snøkave og whiteout var det deilig å få sikt og kunne renne ned til Haukeliseter. For ein nydelig tur!) (Treng vel ikkje beskrivelse av dette biletet) (Det er mogleg at det vart ein tur i stampen og vidare afterski etter måltidet) Dagen etter pakka eg saman, sjekka ut og satt meg på ein glovarm, full buss til Oslo. Passasjerar som kom på etter meg ville ikkje sitte ved sidan av meg, lukta kleda så gale etter 11 dagar med solkrem og sveitte?2 poeng
-
Er som regel på tur alene med hund eller guttungen på snart 3. Ingen av de er spesielt nevenyttige når teltet skal opp. Bruker et spitsbergen 3, som har del jobb på langsidene. Det er her det går mest tid. Liker å benytte meg av alle bardunene så jeg slipper å stå opp midt på natta for å sikre teltet ytterligere eller løse barduner som henger å slenger. Satt å tenkte litt hvordan kan jeg få dette til å gå kjappere enn vanlig (ski og staver liker jeg å ha tilgjengelig, brukes bare hvis de må). Fikk taki et par strø på litt over meteren, borret opp hull for 3mm paracord, fikk en runde med treolje for å hindre fukt, kuldebestandige plastkroker som er lett å smette bardunløkka inni og ca 1.30 med paracord. Tanken er å bare hekte innpå 3-4 barduner på langsiden, strekke ut å grave ned å dekke med snø. Jeg har I allefall trua, de vil ta betraktelig mindre plass enn feks 6 plugger.2 poeng
-
2 poeng
-
En Savotta Jääkäri M vil neppe skuffe deg for behovet du beskriver - Og vil garantert ikke ryke. https://www.savotta.fi/products/jaakari-m Bombesikker sekk som er god å bære. Dette er blitt den "eneste" sekken jeg bruker, innenfor størrelsessegmentet sitt. Jeg har ikke prøvd opp mot 20kg i den, men det er mulig å sette inn en ramme i sekken for å gjøre den enda mer stabil for tyngre bører: https://www.savotta.fi/products/jaakari-m-aluminium-frame Fåes hos blant annet Widforss.1 poeng
-
Nylon-kortfellene er de mest slitesterke, så at de mister hår er ikke så vanlig. Husk å evt. skrape MED hårene ikke mot uansett type. Nylon feller er best på hardt føre (is og skare) og på våt snø (slush). De slites ikke nevneverdig på skare og glir greit i slush. Men de glir helt elendig på tørr snø. Til tørr snø er Mohair desidert det beste, de glir godt og sitter bra nok til det aller meste. De bør ikke brukes på skare, da kan du slite de ut på en tur, de trekker også litt vann, derfor er de ikke like bra på våt snø. Du trenger ikke bredere fell enn 45mm, med mindre du skal trekke pulk. Jeg har "alle" bredder/typer, men bruker bare 45mm mohair og 35mm nylon til vanlig. Dette er på ski med 57mm bredde (Amundsen), 62mm (Ingstad) og 76mm (Tind). Jeg bruker 35mm nylon fordi de har godt grep, og siden de ikke er så brede stjeler de ikke så mye glid..1 poeng
-
Svea 123 lager morgenkaffe i en litt rotete kjøkkenkrok ved Geitsjøen Hardangervidda. Og som lager både varme og varmt vann til ett lett måltid. Jeg husker at regnet bøttet ned på vei inn til Geitsjøen og jeg bare slengte opp teltet da jeg kom fram, ganske våt og litt kald. Nappe ned innertelt og kjenne varmen komme og kjenne at alt er bra likevel. Og morgenen etter var jo alt bra. Også været. En brenner som definitivt har fått for lite brennetid, helt ufortjent, de siste årene. Min Optimus 8R. Jeg er redd for at Sveaen har mye av skylden for akkurat det.1 poeng
-
Tror du sparer en del vekt ved å pakke med en sånn komprimerbar sekk fra STS eller tilsvarende. Personlig har jeg aldri hatt bruk for topplokk som kan gjøres om til sekk. Unødig fordyrende og tungt. Når det gjelder justeringen på rygglengden er den på selve ryggen på sekken, juster så stroppene ligger rundt skulderen når hoftebeltet er hvor du ønsker å ha det.1 poeng
-
1 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+01:00