Gå til innhold
  • Bli medlem

Vinnerliste

Populært innhold

Viser innholdet med mest poeng fra 27. jan. 2023 i alle områder

  1. Advarsel: Rapporten vart lenger enn først tenkt, men les viss du orkar! Har i om lag eitt år hatt ein plan om å gå over Hardangervidda på ski. Lysta til å prøve seg på det i januar var større enn å gjere det på våren. Dette for å forhåpentligvis kjenne litt på kulda, samt å gjere det til ei litt større utfordring. Har heller aldri gått med pulk før og var gira på å teste denne typen vinterfriluftsliv. Det var også pirrande å ferdast i fjellet på ei tid då det ikkje er så mange andre til fjells. Etter å ha fått bytta vekk nokre vakter (turnuslivet er flott slik sett) falt datoen på 18.-26. januar. Ein kompis eg bur i kollektiv med ville også slenge seg på, då vart vi to mann som skulle bryne oss på Hardangervidda midtvinters. Vi berekna 8 dagar på heile turen og utgangspunktet for rute skulle vere frå hytte til hytte, men vi belaga oss på å sove i telt. Vi tenkte å gå ruta som ligg på ut.no, men vi var fleksible på endring undervegs. Vi er begge passelig gode skiløparar og har vore ute ei vinternatt før. Eg har likevel aldri sove så mange netter i telt vinterstid før, så dette skulle bli spennande. I følge veirmeldinga var det spådd -25C, knall sol og vindstille frå onsdag 18. Januar til søndag 22. Januar. Heilt nydelig! Eg hadde følgt med på veirmeldinga i om lag ein månad og sett at det hadde komt bra med snø og vore stabilt -10C. I tillegg hadde eg sjekka isforhold på iskart.no. 18. Januar, etter at Markus hadde vore på jobb til kl 13, var det duka for avreise frå Oslo til Finse var på toget som gjekk kl 16:40 frå Sandvika stasjon. Vi kjørte bil dit og fekk lessa av parispulkar og ski. Togturen gjekk fint med studering av kart, kaffidrikking og elgpåkjørsel som gjorde at vi vart forsinka med 1t til Finse. Vel framme kl 22 gjekk vi ut av toget til -25C og ein nydelig stjernehimmel. Vi gjekk om lag 500m over Finsevatnet og slo leir der. (Markus klar for avmarsj i 500m før første leirplass og leggetid.) Første kvelden smelta vi snø til dagen etter og hadde det over i ein 1L termos kvar og ei 1L Nalgeneflaske i hardplast. Vi tok oss også ein Monsen turmat til kvelds. Eg åt Tikka Masala, knallsterke greier som gjorde -25C til +30C i teltet. Sveitta som ein gris. God smak, men litt for sterk for mi gane. Etappe 1, Finse-Finnsbergskaret, ca 15km: Første morgonen, 19. januar, forsov vi oss litt. Vakna kl 08, trøytte som kyrkjerotter. Fekk i gong brennaren (MSR Whisperlite) og smelta snøv og kokt vatn til frukost. Hadde laga meg rasjonar på 155g med havregrynsblanding. Brukte Ousland si oppskrift med gryn, tørrmelk, brunt sukker, rosiner og rapsolje. Knallgod graut. Hadde det enkelt og greit over i termoskopp og varmt vatn oppi. Heilt genialt med termokopp frå Stanley. Vi fekk pakka ned teltet, rulla det sammen og lagt det i skiposen. Då er det enkelt å slå det opp på kvelden. Kl 10:15 var det avmarsj frå Finsevatnet. -25C, vindstille og lett overskya, men sola kom gradvis meir fram iløpet av morgonen. Over Finsefetene gjekk det fint. Uvant, men utruleg deilig å drage pulk istaden for å gå med tung ryggsekk. Stigninga opp frå Finse opp til Brattefonnvatnet var litt tyngre enn forventa, men føret var upåklagelig. Passelig hardt med eit tynt lag vindpåverka snø oppå, nokre tyngre parti i mellom. Kortfellane satt godt. Frå Brattefonnvatna gjekk vi vidare mot Midtnutevatnet der vi tok ei pause. Nøtter, sjokolade og bixitkjeks. Bixitkjeks er kjekt, 76kcal per kjeks. Nydelig turmat. Vi merka godt kuldeforskjellen oppe i høgdene og nede på vatna. Må ha vore -30C nede på vatna. Heldigvis var det vindstille, så det var berre å gå på utan å sveitte. Nede på Finnsbergvatnet såg vi første jervespora. I enden, før bakken opp til skaret, såg vi at det kom ein kar med pulk bak oss. Såg ut som han slo leir i nordenden av vatnet. Opp bakken, som eg meiner blir kalla Wieselbakken, gjekk det greit sidan vi var så heldige med føret. Det var hardt og fint, men kjente blodpumpa fekk trimma seg. I toppen av skaret slo vi leir for å sleppe verste kulda nede ved vatnet. Klokka var vel bikka 16. (Midtnutevatnet. Fin, vindpakka snø.) (Opp stigninga frå Finnsbergvatnet, Wieselbakken(?)) Kl 20:30 var det leggetid etter inntak av Monsens turmat, jegergryte. Ikkje så veldig god smak, og erteprotein istaden for kjøt. Einaste som forsvarer den turmaten er prisen. Det funkar likevel greit når ein sper på med smør og spekepølse oppi. Drakk rett i koppen suppe medan vi venta på drytechen, det er ein sikker vinnar som forrett! Med smør oppi blir den ekstra god. Til dessert vart det fortært løfse frå Vestlandslefsa og litt sjokolade. Etappe 2, Finnsbergskaret-Skaupsjøtunga: Vi vakna ganske utkvilt begge to kl 03, men vi drøyde an heilt til kl 06:30. Eg spurde om vi skulle drøye an til kl 07, men det vart nedstemt. På an igjen med snøsmelting, havregraut og kokekaffi. Vi unnar oss den ekstra luksusen med kokekaffi, då det er mykje betre smak på enn pulverkaffi. Litt kos må det vere på tur. Etter oppvåkninga merka eg at det hadde danna seg rim på innsida av soveposen (Dunpose med gåsedun frå Mountain Hardware, Komf -17C). Tips for å unngå dette blir mottatt med takknemmligheit. Var nok -25-30C på det kaldaste på natta. Teltet var totalt nedrima, så det var berre å få fram snøbørsta og børste i veg. Vart behagelig når vi fekk i gong brennaren. (Middagsmat etter 1. etappe. Termokopp med suppe og monsens jegergryte. Lagde ei plate til brennaren av kryssfinér frå botnen av ei gammal skuffe. Festa flaska med ei skistropp.) Det var ein nydelig soloppgong når vi pakka ned teltet og satte i marsj. Nede på Drageidfjorden var det kaldare igjen. Vi passerte Krækkja på avstand om lag kl 12 og kom oss over Halnebotnane mot Halne. På toppen av Halnebotnane varma sola såpass mykje at vi kunne ta av oss Gore-Tex jakka og gå berre i nettingen. Her la vi også soveposane på toppen av pulken for å tørke dei i sola. Det fungerte bra. Nede på Halne Fjellstue tok vi ei litt lenger pause og hengte opp soveposane. Rart å sjå ein stor bilveg (Rv7) midt oppe på fjellet når vi har gått så lenge i tilsynelatande urørt natur. Vidare gjekk vi sørover på Halnefjorden, der vi igjen fekk kjenne på temperaturforskjellen. Kald luft trekk heilt klart nedover i terrenget! Når sola byrja å gå ned, la vi soveposane tilbake i arctic beddingen der vi har liggeunderlaga ferdig oppblåst, og soveposane ferdig utpakka. Det vart merkbart kaldare når sola gjekk ned. Halvvegs på Halnefjorden gjekk vi oppover på Skaupsjøtunga i eit magisk kveldslys og heiv opp teltet. Tørking av sovepose i sola var ikkje så effektivt, men det vart ikkje verre. Situasjonen holdt seg stabil. På kvelden kjente eg rimet smelta og trakk inn på kroppen i væskeform. På natta fraus det atter til rim heilt ytterst i soveposen. Alt i alt ein fantastisk dag med leggetid igjen kl 20:34. Sov som ein stein, sjølv om det var kalde -20C denne natta også. (Soloppgong i Finnsbergskaret.) (Kald dopause på Halnefjorden i solnedgong.) Etappe 3, Laurdag 21.01, Skaupsjøtunga-Reinavatnet/Krossovatn: Vakna igjen kl 03. 6-7t søvn er tydeligvis nok, men godt å ligge frampå heilt til kl 06. Då var det berre å bryte seg opp. Sov passelig godt, men utan varmeflaske i posen hadde det nok blitt kaldt med rim/dunblanding som isolasjon. På med dunjakke, rimbørsting, snøsmelting og koking. Rutinene byrjar å sitte og alt går mykje kjappare enn dei to første dagane. Det er meir behagelig å sitte oppreist i kuldegropa med klede på enn å ligge i ein rimfull sovepose. Dagen starta kaldt, men mildare enn nede på Halnefjorden. Trur det er lurt å telte i høgda under slike forhold. Kl 08:45 var vi klare til avmarsj, målet var Rauhellaren og så langt vidare vi klarte før dagen var over. (Avmarsj frå Skaupsjøtunga. Biletet gir ein svak smakebit på lyset denne morgonen.) Vi rann ned til Skaupsjøen og kryssa elva og myrterrenget her. Nydelige forhold. På veg ned frå Skaupsjøtunga såg vi mykje rypespor, men ingen ryper. Dei ser vel at vi kjem på lang avstand og spring vekk for å sleppe å flyge i det kalde veiret. Vilt som lev så høgt til fjells er ekspertar på kalde vinterforhold og sparer nok energi til dei verkeleg treng det. Under nedkjøringa var pulkane litt motvillige og rulla rundt fleire gonger. Artig med litt utfordringar! Vi såg tydelig at det var mindre snø her enn lenger nord, då det stakk opp mykje kratt og stein overalt. (Utsikt frå Skaupsjøen mot Kolvenuten og fjella rett nord for Rauhellaren.) Vi kryssa Skaupsjøtjønna og gjekk opp rett aust for Kolvenuten. Her var det litt vind som beit godt, så det var berre å gå på for å holde varmen. Oppover mot Tormodsbråtet er det ei lang og slak stigning som gir fantastisk utsikt nordover mot Hardangerjøkulen. Utruleg kor langt ein ser i dette flate viddeterrenget! (Utsikt frå Tormodsbråtet mot Kolvenuten og Hardangerjøkulen lenger nord. Soveposen ligg på toppen av pulken for å tørke i sola.) (Pause på Rauhellaren med studering av vidare rute.) Rett før vi kom til Rauhellaren såg vi eit mørkt dyr som sprang fort oppover ei stigning mot Langenuten, ca 1km hold. Konkluderte med at det måtte vere ein jerv då den forflytta seg utruleg raskt, noko vi fekk bekrefta då vi såg jervespor etter den. Ved ankomst Rauhellaren tok vi ei pause kl 14. Vidare satte vi kursen mot Reinvassdalen og slo leir under Festningsnutane. Kl 19 var vi ferdig med middag og snøsmelting, så var det kosefyring ein time og tørking av soveposane med varmeflaske og kroppsvarme. Det blir ikkje så mykje betre av soltørking på toppen av pulken, men det blir jaggu ikkje verre! Vart vel 20km+ denne dagen, heilt greit. (Leir under Festningsnutane.) Etappe 4, søndag 22.01, Reinavatnet/Krossovatn-Storodden på Mårsjøen: Som vanleg vakna vi kl 03-04. Tungt å stå opp, kroppen er stiv og støl etter all den gode trimmen! Greit nok når vi kjem oss i gong. Denne dagen gjekk vi over til Grøntjønndalen og ned til Mår. Etter 30min marsj såg vi reinspor frå eitt einslig reinsdyr med jervespor etter. Stilig at vi har litt rovvilt igjen i Noreg, men glad for at vi slepp å ha med rifle mot bjørn på slike turar. (Reinsdyspor med jerv hakk i hel.) Gjekk trått nedover Grøntjønndalen då vi gjekk igjennom snøen ned på lyng og kratt. Vi kom oss likevel fram til Mårsjøen. Vi konkluderte med at vatnet var trygt å krysse då det var godt nedtappa og det hadde vore stabilt kaldt i området sidan oktober ifølge iskart.no. Vi kryssa rett sørover mot Storodden. Gjekk på automatikk dei to timane vi brukte på kryssinga. Kroppen var sliten, men det var berre å maure på vidare til sola gjekk ned. Mykje viltspor midt på vatnet av både rev, rype og hare. Sola hadde varma mykje meir denne dagen, så soveposen var heilt tørre når vi skulle legge oss, deilig! Det vart også mildare når vi fekk satt opp teltet. Satt berre i nettingen når vi åt middag. Potetgull og løfse til dessert før ei god natts søvn. Etappe 5, Måndag 26. januar, Storodden ved Mårsjøen-Skånevatn rett sør for Strengen: Opp kl 06. Vindstille, overskya og mildare i veiret. Berre -5C. Innerteltet var fritt for rim så vi var takknemlige for å sleppe å børste. Dagen starta bra, men skulle vise seg å bli tung. Pakka ned og starta avmarsj mot Kalhovd og så langt sørover mot Helberghytta vi klarte. Etter nokre hundre meter såg vi to fuglar i himmelsjå, tenkte det var ravn så tenkte ikkje noko meir over det. Rett under Mårsbrotet kom det plutselig ei kongeørn flygande over oss, stilig! Plutselig ropar Markus ut og peikar opp mot toppen av Mårsbrotet, der ser vi plutselig at heile fjellsida blir brun og beveger seg. Der kjem ein reinsflokk springande på mellom 300 og 400 dyr. Dei stoppa og veira og såg på oss. Vi gjekk litt nærare så vi fekk dei på 350m hold. Dei såg på oss nokre minutt før dei sprang vidare over ein kant, og vi er atter åleine i fjellheimen. Dei etterlot seg eit oppfrest spor av tre trakkemaskiner i breidda. Naturopplevelse på sitt beste! (Markus med reinsflokken.) Vidare mot Kalhovd vart lyset flatare og flatare, og sikta dårlegare og dårlegare. Vi gjekk litt feil, litt for langt aust, men fant greit vegen ned til Kalhovd. Etter Kalhovd gjekk det tungt oppover mot Vegarhovde. Her gjorde vi ei gedigen tabbe med navigeringa, noko som resulterte i ein omveg austover på 5km ekstra. Vi endte opp heilt borte med Longtjønnan. Vi fulgte eit skuterspor hit. Stol aldri på skuterspor før du er heilt sikker på at det held rett retning. Her var det på med GPS'en og overraskinga var stor då vi såg kvar vi var. Då var det berre å bite tenna saman og sette kursen sørvestover mot Strengen. Her var det baksing for å finne fram til demninga og få kryssa denne. Det byrja å skumre og blåse opp. Sikta var betre på kvelden, men no brukte vi GPS'en. Vi var slitne etter å ha gått i trått føre og var litt demotivert etter omvegen. Vi vart einige om å gå 2,5km til opp til Skånevatn. Her slo vi leir nedafor hyttene med noko bjørkekratt. Litt meir lé for vinden. Det var mørke skyer i sør og var usikker på om vinden skulle ta seg opp meir. Vi sjekka veirmeldinga når vi hadde slått opp teltet og det var meldt oppimot 20m/sek i kasta iløpet av natta. Vi dobbeltsjekka barduneringa før vi la oss. Glad for at vi hadde med heilårstelt frå Hilleberg, så slapp vi å bekymre oss. Det reiv godt i duken iløpet av natta, så søvnen var ikkje heilt på topp grunna lydnivået. I tillegg slo det om til mildveir, +2-3C, så soveposen vart for varm. Måtte lufte, sovna, vart for kald og zippa igjen. Holdt på slik heile natta. Temperaturforskjell på 30C iløpet av turen. Ein tung dag, men reinsflokken og ørna redda denne dagen! Vart vel 25km i trått føre og terreng denne dagen, takka vere omvegen. (Nøkkelost på Kalhovd.) (Kryssa demninga på Strengen. Uhyggelig plass, framstod som ein forlatt industriby med demninga og veirstasjonen. Opplevelsen var nok prega av nedturen med omveg og at vi var temmelig kjørt. Likevel kult å sjå elva og den potensielle energien i vatn.) (Strengen. Fant ut halvvegs over brua at vi kunne gått over ei bru på nedsida. Lagå.) Etappe 6, Tysdag 24.01, Skånevatn-Rjukan: Vi stod opp kl 05:30 for å komme oss fram til Rjukan før Krossobana stengte kl 16. Vi var usikker på om vi skulle rekke det grunna veir og føre. Når vi starta kl 08:15 merka vi fort at det var klabbeføre. Det gav seg heldigvis når vi kom litt høgare i terrenget. Klok av skade frå gårsdagen og i frykt for white-out hadde vi satt opp flagg på GPS'en så navigeringa var enkel. Sikta var likevel god og det gjekk knirkefritt ned til Helberghytta. Dit kom vi fram kl 10:15 og vi nådde Gvepseborg og Krossobana kl 12:25. Vel nede på Rjukan, der det var -5C drog vi pulkane ned til sentrum og tok inn på første og beste pizzasjappe for eit realt festmåltid med Cola. Her fråtsa vi oss mette og fekk i oss ein kaffi. Desse siste 17 kilometerena gjekk betydelig fortare enn tenkt og vi var godt fornøgde når vi tok buss tilbake til Oslo 2 dagar før tidsskjema. (Siste leirplassen ved Skånevatn. Hilleberg Nammatj 3 GT var utruleg fint. Synes likevel det hadde vore praktisk med to inngangar slik som Keron har, då fotenden av soveposen butta inn i duken når vi låg på oppblåsbare liggeunderlag. Evt hatt eit lenger innertelt. Løyste det likevel greit med å hive ein vanntett pakkpose ned i fotenden.) (Klare for å fråtse i pizza og brus med sukker. Før avreise tilbake til Oslo.) Alt i alt ein nydelig flott tur. Håper nokre folk gidd å lese denne rapporten, som vart mykje meir omstendelig enn først tenkt. Hardangervidda i Januar er absolutt å anbefale når veiret klaffa så bra som det gjorde for oss! Hadde veirmeldinga vore dårleg (storm) hadde vi nok lagt turen til ein anna plass. Det var ikkje slik at vi skulle på død og liv krysse Hardangervidda, men det var hovudmålet. Desember og dagane i januar før avreise vart brukt til planlegging ved sida av jobb. Utstyr måtte handlast og kart måtte studerast. Eg kjøpte Nansen ski med BC-magnum og Alfa Outback skisko ein str opp. Ein testtur gav gnagsår etter 7-8km, men med teiping av hel var det ikkje noko gnaging. Hilleberg Nammatj 3 GT fekk vi låne, og var veldig fornøgd med det. Hadde ikkje tatt sjansen på 3-sesongstelt på vinterkryssing av Hardangervidda. No, ein dag etterpå, er eg i gang med å fundere på kvar neste langtur skal gå..... Diverse innspel, tips og triks er berre å kommentere, sett pris på all tilbakemelding!
    3 poeng
  2. Hvorfor er det ingen norske teltprodusenter som lager telt som kan brukes bare med skistavene som stenger? I Canada og USA er ultralight-utstyr (UL) en stor greie, og mange går lange ruter (100 mil+) til fots med lett pakning, lave sko, og med staver til støtte, som så kan brukes til rigging av et av mange UL-telt for dette formål. Besparelse av vekt pga fravær av stenger er selvsagt en ting, men en annen vesentlig fordel med enklere telt med "gammeldags" teltstang som eneste bærende struktur er selvsagt at det går enormt mye raskere å sette opp. En annen ting er antall plugger og barduner; alle som eier en værbestandig lavvo vet at selv om det er enkelt med bare en stang i midten, så gir (minst) 8 plugger og 6 barduner med plugger både ekstra vekt og ekstra tid til å fullføre oppsettet. Noen av disse UL-teltene basert på bruk av staver har firkantet fotavtrykk og dermed bare fire plugger som skal til for å reise teltet. Ekstra plugger og barduner er sikkert å anbefale i sterk vind, men kreves ikke for å få stramt telt. Videre ligger mye av selve strukturen i selve duken og i sømmer som går der strekket er størst (slik vi husker fra forsvarets knappetelt), som derfor må være av et noe mindre elastisk materiale, men kan være lett for det. Jeg har likevel alltid tenkt at slike telt ikke har noe for seg i hardt vær eller vinterstid, men det er jo egentlig bare tull så lenge teltduk, pluggfester og barduner er laget for å tåle både snø og sterk vind. Jeg minner også om at Amundsen nådde sydpolen med enstangstelt, og at flere tidlige norske polarhelter både gikk over Grønland og gjennom Nordvestpassasjen med "hustelt" av typen med møne og to stenger. Så til poenget: På vintertur mes ski og pulk har man jo alltid med seg (minst) to staver, så hvorfor har ingen laget en moderne vinter-versjon av et tradisjonelt telt? Personlig skulle jeg gjerne også hatt en versjon i vindtett bommulsduk for å slippe kondens selv uten ventiler. (Når det ikke er sjanse for våt nedbør i fjellet, hvorfor sverger vi da til bomullsanorakk men insisterer på å bo i en plastpose..?) Bomullsduk er jo mindre egnet i det vær de fleste camper i, men i kulda er det overlegent. Det blir varmere enn et nylontelt (0,3mm vevd bomullsduk har enormt mye høyere R-verdi enn 0,05mm kald nylon), og det puster gjennom hele duken slik at man kan fyre med primus uten at varmluften gir store kondensproblemer. Dette ville åpenbart bli alt annet enn "ultralight", men fordelene med rask rigging av telt og kompakt pakke uten stenger ville man ha i behold. På youtube kom jeg over et telt som "alle" snakket om i fjor, som var designet av en canadisk tur-fyr og utstyrs-geek, og produsert i et så lite antall at det etter sigende var umulig å få tak i. I lys av suksessen er dette nå produsert i større opplag, og jaggu har de ikke laget en versjon med vullt innertelt til vinterbruk. (Og til dere som nå klør i tastaturet etter å fortelle meg om stormmatter og ekstrem vind - spar dere. I know.) Poenget her er ikke det ultimate vintertelt, men en interessant variant som har noen åpenbare fordeler, som er designet i en god "back-to-basics" ånd, men med en innovativ tvist på teltets geometri, og som ikke finnes på det norske markedet, så vidt jeg vet. Hvis man skulle på en skitur med en eller to overnattinger, særlig hvis man gikk med sekk og ikke med pulk, hadde ikke dette vært noe å ha i telt-samlingen? LINK til Durston X-Mid 2 Solid For de som er interessert i litt skikkelig telt-nerding, sjekk ut denne artikkelen om valg av design, geometri og løsninger, sjekk ut denne artikkelen: The Volumetric Efficiency of Trekking Pole Shelters Hva tenker fjellfolket?
    2 poeng
  3. Fordi norske teltprodusenter tjener penger som gress på at "folk flest" kjøper helårstelt når "folk flest" er på korte sommerturer. Du svarte i grunnen på ditt eget spørsmål. Miljøet i USA/Canada/UK er stort nok til at det oppstår et marked med konkurranse og nyskapning. Vi er sære som ikke liker selvpining på vår, sommer og høst, men de som tenker lett på vinteren kan muligens møtes i en togkupé.
    2 poeng
  4. Både original fleece og Spesialist fleece fra Garphyttan har lufting i siden, men ialelfall førstnevte er ganske tykk i stoffet. Illusion Fleece fra Revolution race er tynnere i stoffet, den har ikke lufting sånn sett, men hvis man åpner de to nedre lommene er det lufting gjennom dem, noe jeg syns fungerer overraskende bra. https://www.garphyttan.no/fleece-og-mellomlag/524-5664-garphyttan-original-fleece-anthracite.html#/1-storrelse-s/26-farge-antrasitt https://www.garphyttan.no/fleece-og-mellomlag/517-5550-garphyttan-specialist-fleece-anthracite.html https://www.revolutionrace.no/herre/overdeler/hettegensere/illusion-hoodie-men?Size=L&Color=9514&ab_version=B&gclid=Cj0KCQiAic6eBhCoARIsANlox86LHSmEi294L7dVIWhbyvb0RPZpStYTk8jDLENtW_59Ysy5apqijZcaAlDSEALw_wcB
    1 poeng
  5. Etter å ha prøvd å være kjøper på bruktmarked og frustrert over høyt prisnivå, var det derimot helt greit å være selger. Fikk 4 500,- for Ringstind SL 1 med footprint, som jeg betalte 4 648,- for i 2021. Hadde flere interesserte, og kunne sikkert fått enda mer for teltet. Dette var det billigste Ringstind SL på Finn.no (noen billigere pro-telt), men følte jeg ikke kunne ta mer enn jeg hadde betalt. Jeg tror dessuten at dette var det eneste med footprint inkludert, og må nesten være finest brukt (har kun sovet to netter i mitt, pluss et prøveoppsett). Praktiserer som regel halv pris, men måtte møte min frustrasjon over høye bruktpriser, med samme mynt. Hyklersk som jeg er!
    1 poeng
  6. Helt sant og helt enig. Trange pakkposer er kun egnet til å lure uerfarne som ser på teltet i butikken
    1 poeng
  7. Meinar du då å ha ein søppelsekk/fukttett pose inne i sjølve soveposen? Har lest at Ousland og Horn sov i det på vinterturane til nordpolen, men det fristar lite å sove slik når det strengt tatt ikkje er nødvendig… Då har eg meir tru på å ha ein lakenpose på utsida for å flytte nullpunktet utover slik at det blir rim i den istadenfor i posen.. Det var ikkje noko vind i teltet nei, vi brukte vindfolien som varmereflektor for å effektivisere kokinga… Godt poeng at det kanskje dannar seg meir CO, har ikkje tenkt på det! Vi hadde likevel godt med lufting og var veldig obs på det. Har alltid fyrt slik og føler det går bra, ikkje merka noko symptom på CO forgifting. Var tørr på beina heile turen, holdt dei også varme. Kjøpte skiskoa litt store og brukte ein tynn ullsokk innerst og ein tjukk raggsokk ytterst. Det fungerte bra. Fraus ikkje ein einaste gong. Ang liggeunderlag brukte vi ein jervenduk i botnen som vi la utover innerteltet. Hadde også eit klassisk bamseunderlag og eit oppblåsbart Mountain Equipment Aerostat Ultra 7cm med dun, prima liggeunderlag, det fungerte veldig bra!
    1 poeng
  8. Har motsatt erfaring, løst pakket telt former seg bedre etter andre ting i sekken enn en hardpakket pakkpose vil gjør og lager ikke luftlommer, og tar dermed mindre plass. Pakker regnjakke og regnbukse flatt i sekken, ikke rullet eller som en "ball" i pakkpose. Kan jo se det på en annen måte: 20 sammenkrølla A4-ark vil oppta mer plass/volum enn 20 flate A4-ark. Liker man ikke løse teltposer så er det jo bare å putte det i en annen pakkpose. Vanntette pakkposer får man jo nesten kjøpt overalt. Det gjør jeg med mitt Unna. Både for at det skal vanntett og minimere volumet noe, men fortsatt løst nok til at det former seg etter andre ting i sekken.
    1 poeng
  9. Denne Primus 210 fra Høvik Verk Litt WD40 på pumpelæret for sikkerhets skyld, og alt funka. Denne har nok levd et liv, forniklingen er slitt vekk på et felt. Virker som bare det.
    1 poeng
  10. Jeg er 201cm og mine max 140cm staver aldri ute på max. Orker ikke gå i garasjen nå og sjekke hva jeg har dem på.
    1 poeng
  11. Silva sine er robuste og vanntette, https://no.silvasweden.com/products/360-lap-25l . Står 15" men får fint plass til en 16" MacBook Pro i den. Separate glidlåser for laptop og hovedrom.
    1 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+01:00
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.