Vinnerliste
Populært innhold
Viser innholdet med mest poeng fra 25. jan. 2023 i alle områder
-
Advarsel: Rapporten vart lenger enn først tenkt, men les viss du orkar! Har i om lag eitt år hatt ein plan om å gå over Hardangervidda på ski. Lysta til å prøve seg på det i januar var større enn å gjere det på våren. Dette for å forhåpentligvis kjenne litt på kulda, samt å gjere det til ei litt større utfordring. Har heller aldri gått med pulk før og var gira på å teste denne typen vinterfriluftsliv. Det var også pirrande å ferdast i fjellet på ei tid då det ikkje er så mange andre til fjells. Etter å ha fått bytta vekk nokre vakter (turnuslivet er flott slik sett) falt datoen på 18.-26. januar. Ein kompis eg bur i kollektiv med ville også slenge seg på, då vart vi to mann som skulle bryne oss på Hardangervidda midtvinters. Vi berekna 8 dagar på heile turen og utgangspunktet for rute skulle vere frå hytte til hytte, men vi belaga oss på å sove i telt. Vi tenkte å gå ruta som ligg på ut.no, men vi var fleksible på endring undervegs. Vi er begge passelig gode skiløparar og har vore ute ei vinternatt før. Eg har likevel aldri sove så mange netter i telt vinterstid før, så dette skulle bli spennande. I følge veirmeldinga var det spådd -25C, knall sol og vindstille frå onsdag 18. Januar til søndag 22. Januar. Heilt nydelig! Eg hadde følgt med på veirmeldinga i om lag ein månad og sett at det hadde komt bra med snø og vore stabilt -10C. I tillegg hadde eg sjekka isforhold på iskart.no. 18. Januar, etter at Markus hadde vore på jobb til kl 13, var det duka for avreise frå Oslo til Finse var på toget som gjekk kl 16:40 frå Sandvika stasjon. Vi kjørte bil dit og fekk lessa av parispulkar og ski. Togturen gjekk fint med studering av kart, kaffidrikking og elgpåkjørsel som gjorde at vi vart forsinka med 1t til Finse. Vel framme kl 22 gjekk vi ut av toget til -25C og ein nydelig stjernehimmel. Vi gjekk om lag 500m over Finsevatnet og slo leir der. (Markus klar for avmarsj i 500m før første leirplass og leggetid.) Første kvelden smelta vi snø til dagen etter og hadde det over i ein 1L termos kvar og ei 1L Nalgeneflaske i hardplast. Vi tok oss også ein Monsen turmat til kvelds. Eg åt Tikka Masala, knallsterke greier som gjorde -25C til +30C i teltet. Sveitta som ein gris. God smak, men litt for sterk for mi gane. Etappe 1, Finse-Finnsbergskaret, ca 15km: Første morgonen, 19. januar, forsov vi oss litt. Vakna kl 08, trøytte som kyrkjerotter. Fekk i gong brennaren (MSR Whisperlite) og smelta snøv og kokt vatn til frukost. Hadde laga meg rasjonar på 155g med havregrynsblanding. Brukte Ousland si oppskrift med gryn, tørrmelk, brunt sukker, rosiner og rapsolje. Knallgod graut. Hadde det enkelt og greit over i termoskopp og varmt vatn oppi. Heilt genialt med termokopp frå Stanley. Vi fekk pakka ned teltet, rulla det sammen og lagt det i skiposen. Då er det enkelt å slå det opp på kvelden. Kl 10:15 var det avmarsj frå Finsevatnet. -25C, vindstille og lett overskya, men sola kom gradvis meir fram iløpet av morgonen. Over Finsefetene gjekk det fint. Uvant, men utruleg deilig å drage pulk istaden for å gå med tung ryggsekk. Stigninga opp frå Finse opp til Brattefonnvatnet var litt tyngre enn forventa, men føret var upåklagelig. Passelig hardt med eit tynt lag vindpåverka snø oppå, nokre tyngre parti i mellom. Kortfellane satt godt. Frå Brattefonnvatna gjekk vi vidare mot Midtnutevatnet der vi tok ei pause. Nøtter, sjokolade og bixitkjeks. Bixitkjeks er kjekt, 76kcal per kjeks. Nydelig turmat. Vi merka godt kuldeforskjellen oppe i høgdene og nede på vatna. Må ha vore -30C nede på vatna. Heldigvis var det vindstille, så det var berre å gå på utan å sveitte. Nede på Finnsbergvatnet såg vi første jervespora. I enden, før bakken opp til skaret, såg vi at det kom ein kar med pulk bak oss. Såg ut som han slo leir i nordenden av vatnet. Opp bakken, som eg meiner blir kalla Wieselbakken, gjekk det greit sidan vi var så heldige med føret. Det var hardt og fint, men kjente blodpumpa fekk trimma seg. I toppen av skaret slo vi leir for å sleppe verste kulda nede ved vatnet. Klokka var vel bikka 16. (Midtnutevatnet. Fin, vindpakka snø.) (Opp stigninga frå Finnsbergvatnet, Wieselbakken(?)) Kl 20:30 var det leggetid etter inntak av Monsens turmat, jegergryte. Ikkje så veldig god smak, og erteprotein istaden for kjøt. Einaste som forsvarer den turmaten er prisen. Det funkar likevel greit når ein sper på med smør og spekepølse oppi. Drakk rett i koppen suppe medan vi venta på drytechen, det er ein sikker vinnar som forrett! Med smør oppi blir den ekstra god. Til dessert vart det fortært løfse frå Vestlandslefsa og litt sjokolade. Etappe 2, Finnsbergskaret-Skaupsjøtunga: Vi vakna ganske utkvilt begge to kl 03, men vi drøyde an heilt til kl 06:30. Eg spurde om vi skulle drøye an til kl 07, men det vart nedstemt. På an igjen med snøsmelting, havregraut og kokekaffi. Vi unnar oss den ekstra luksusen med kokekaffi, då det er mykje betre smak på enn pulverkaffi. Litt kos må det vere på tur. Etter oppvåkninga merka eg at det hadde danna seg rim på innsida av soveposen (Dunpose med gåsedun frå Mountain Hardware, Komf -17C). Tips for å unngå dette blir mottatt med takknemmligheit. Var nok -25-30C på det kaldaste på natta. Teltet var totalt nedrima, så det var berre å få fram snøbørsta og børste i veg. Vart behagelig når vi fekk i gong brennaren. (Middagsmat etter 1. etappe. Termokopp med suppe og monsens jegergryte. Lagde ei plate til brennaren av kryssfinér frå botnen av ei gammal skuffe. Festa flaska med ei skistropp.) Det var ein nydelig soloppgong når vi pakka ned teltet og satte i marsj. Nede på Drageidfjorden var det kaldare igjen. Vi passerte Krækkja på avstand om lag kl 12 og kom oss over Halnebotnane mot Halne. På toppen av Halnebotnane varma sola såpass mykje at vi kunne ta av oss Gore-Tex jakka og gå berre i nettingen. Her la vi også soveposane på toppen av pulken for å tørke dei i sola. Det fungerte bra. Nede på Halne Fjellstue tok vi ei litt lenger pause og hengte opp soveposane. Rart å sjå ein stor bilveg (Rv7) midt oppe på fjellet når vi har gått så lenge i tilsynelatande urørt natur. Vidare gjekk vi sørover på Halnefjorden, der vi igjen fekk kjenne på temperaturforskjellen. Kald luft trekk heilt klart nedover i terrenget! Når sola byrja å gå ned, la vi soveposane tilbake i arctic beddingen der vi har liggeunderlaga ferdig oppblåst, og soveposane ferdig utpakka. Det vart merkbart kaldare når sola gjekk ned. Halvvegs på Halnefjorden gjekk vi oppover på Skaupsjøtunga i eit magisk kveldslys og heiv opp teltet. Tørking av sovepose i sola var ikkje så effektivt, men det vart ikkje verre. Situasjonen holdt seg stabil. På kvelden kjente eg rimet smelta og trakk inn på kroppen i væskeform. På natta fraus det atter til rim heilt ytterst i soveposen. Alt i alt ein fantastisk dag med leggetid igjen kl 20:34. Sov som ein stein, sjølv om det var kalde -20C denne natta også. (Soloppgong i Finnsbergskaret.) (Kald dopause på Halnefjorden i solnedgong.) Etappe 3, Laurdag 21.01, Skaupsjøtunga-Reinavatnet/Krossovatn: Vakna igjen kl 03. 6-7t søvn er tydeligvis nok, men godt å ligge frampå heilt til kl 06. Då var det berre å bryte seg opp. Sov passelig godt, men utan varmeflaske i posen hadde det nok blitt kaldt med rim/dunblanding som isolasjon. På med dunjakke, rimbørsting, snøsmelting og koking. Rutinene byrjar å sitte og alt går mykje kjappare enn dei to første dagane. Det er meir behagelig å sitte oppreist i kuldegropa med klede på enn å ligge i ein rimfull sovepose. Dagen starta kaldt, men mildare enn nede på Halnefjorden. Trur det er lurt å telte i høgda under slike forhold. Kl 08:45 var vi klare til avmarsj, målet var Rauhellaren og så langt vidare vi klarte før dagen var over. (Avmarsj frå Skaupsjøtunga. Biletet gir ein svak smakebit på lyset denne morgonen.) Vi rann ned til Skaupsjøen og kryssa elva og myrterrenget her. Nydelige forhold. På veg ned frå Skaupsjøtunga såg vi mykje rypespor, men ingen ryper. Dei ser vel at vi kjem på lang avstand og spring vekk for å sleppe å flyge i det kalde veiret. Vilt som lev så høgt til fjells er ekspertar på kalde vinterforhold og sparer nok energi til dei verkeleg treng det. Under nedkjøringa var pulkane litt motvillige og rulla rundt fleire gonger. Artig med litt utfordringar! Vi såg tydelig at det var mindre snø her enn lenger nord, då det stakk opp mykje kratt og stein overalt. (Utsikt frå Skaupsjøen mot Kolvenuten og fjella rett nord for Rauhellaren.) Vi kryssa Skaupsjøtjønna og gjekk opp rett aust for Kolvenuten. Her var det litt vind som beit godt, så det var berre å gå på for å holde varmen. Oppover mot Tormodsbråtet er det ei lang og slak stigning som gir fantastisk utsikt nordover mot Hardangerjøkulen. Utruleg kor langt ein ser i dette flate viddeterrenget! (Utsikt frå Tormodsbråtet mot Kolvenuten og Hardangerjøkulen lenger nord. Soveposen ligg på toppen av pulken for å tørke i sola.) (Pause på Rauhellaren med studering av vidare rute.) Rett før vi kom til Rauhellaren såg vi eit mørkt dyr som sprang fort oppover ei stigning mot Langenuten, ca 1km hold. Konkluderte med at det måtte vere ein jerv då den forflytta seg utruleg raskt, noko vi fekk bekrefta då vi såg jervespor etter den. Ved ankomst Rauhellaren tok vi ei pause kl 14. Vidare satte vi kursen mot Reinvassdalen og slo leir under Festningsnutane. Kl 19 var vi ferdig med middag og snøsmelting, så var det kosefyring ein time og tørking av soveposane med varmeflaske og kroppsvarme. Det blir ikkje så mykje betre av soltørking på toppen av pulken, men det blir jaggu ikkje verre! Vart vel 20km+ denne dagen, heilt greit. (Leir under Festningsnutane.) Etappe 4, søndag 22.01, Reinavatnet/Krossovatn-Storodden på Mårsjøen: Som vanleg vakna vi kl 03-04. Tungt å stå opp, kroppen er stiv og støl etter all den gode trimmen! Greit nok når vi kjem oss i gong. Denne dagen gjekk vi over til Grøntjønndalen og ned til Mår. Etter 30min marsj såg vi reinspor frå eitt einslig reinsdyr med jervespor etter. Stilig at vi har litt rovvilt igjen i Noreg, men glad for at vi slepp å ha med rifle mot bjørn på slike turar. (Reinsdyspor med jerv hakk i hel.) Gjekk trått nedover Grøntjønndalen då vi gjekk igjennom snøen ned på lyng og kratt. Vi kom oss likevel fram til Mårsjøen. Vi konkluderte med at vatnet var trygt å krysse då det var godt nedtappa og det hadde vore stabilt kaldt i området sidan oktober ifølge iskart.no. Vi kryssa rett sørover mot Storodden. Gjekk på automatikk dei to timane vi brukte på kryssinga. Kroppen var sliten, men det var berre å maure på vidare til sola gjekk ned. Mykje viltspor midt på vatnet av både rev, rype og hare. Sola hadde varma mykje meir denne dagen, så soveposen var heilt tørre når vi skulle legge oss, deilig! Det vart også mildare når vi fekk satt opp teltet. Satt berre i nettingen når vi åt middag. Potetgull og løfse til dessert før ei god natts søvn. Etappe 5, Måndag 26. januar, Storodden ved Mårsjøen-Skånevatn rett sør for Strengen: Opp kl 06. Vindstille, overskya og mildare i veiret. Berre -5C. Innerteltet var fritt for rim så vi var takknemlige for å sleppe å børste. Dagen starta bra, men skulle vise seg å bli tung. Pakka ned og starta avmarsj mot Kalhovd og så langt sørover mot Helberghytta vi klarte. Etter nokre hundre meter såg vi to fuglar i himmelsjå, tenkte det var ravn så tenkte ikkje noko meir over det. Rett under Mårsbrotet kom det plutselig ei kongeørn flygande over oss, stilig! Plutselig ropar Markus ut og peikar opp mot toppen av Mårsbrotet, der ser vi plutselig at heile fjellsida blir brun og beveger seg. Der kjem ein reinsflokk springande på mellom 300 og 400 dyr. Dei stoppa og veira og såg på oss. Vi gjekk litt nærare så vi fekk dei på 350m hold. Dei såg på oss nokre minutt før dei sprang vidare over ein kant, og vi er atter åleine i fjellheimen. Dei etterlot seg eit oppfrest spor av tre trakkemaskiner i breidda. Naturopplevelse på sitt beste! (Markus med reinsflokken.) Vidare mot Kalhovd vart lyset flatare og flatare, og sikta dårlegare og dårlegare. Vi gjekk litt feil, litt for langt aust, men fant greit vegen ned til Kalhovd. Etter Kalhovd gjekk det tungt oppover mot Vegarhovde. Her gjorde vi ei gedigen tabbe med navigeringa, noko som resulterte i ein omveg austover på 5km ekstra. Vi endte opp heilt borte med Longtjønnan. Vi fulgte eit skuterspor hit. Stol aldri på skuterspor før du er heilt sikker på at det held rett retning. Her var det på med GPS'en og overraskinga var stor då vi såg kvar vi var. Då var det berre å bite tenna saman og sette kursen sørvestover mot Strengen. Her var det baksing for å finne fram til demninga og få kryssa denne. Det byrja å skumre og blåse opp. Sikta var betre på kvelden, men no brukte vi GPS'en. Vi var slitne etter å ha gått i trått føre og var litt demotivert etter omvegen. Vi vart einige om å gå 2,5km til opp til Skånevatn. Her slo vi leir nedafor hyttene med noko bjørkekratt. Litt meir lé for vinden. Det var mørke skyer i sør og var usikker på om vinden skulle ta seg opp meir. Vi sjekka veirmeldinga når vi hadde slått opp teltet og det var meldt oppimot 20m/sek i kasta iløpet av natta. Vi dobbeltsjekka barduneringa før vi la oss. Glad for at vi hadde med heilårstelt frå Hilleberg, så slapp vi å bekymre oss. Det reiv godt i duken iløpet av natta, så søvnen var ikkje heilt på topp grunna lydnivået. I tillegg slo det om til mildveir, +2-3C, så soveposen vart for varm. Måtte lufte, sovna, vart for kald og zippa igjen. Holdt på slik heile natta. Temperaturforskjell på 30C iløpet av turen. Ein tung dag, men reinsflokken og ørna redda denne dagen! Vart vel 25km i trått føre og terreng denne dagen, takka vere omvegen. (Nøkkelost på Kalhovd.) (Kryssa demninga på Strengen. Uhyggelig plass, framstod som ein forlatt industriby med demninga og veirstasjonen. Opplevelsen var nok prega av nedturen med omveg og at vi var temmelig kjørt. Likevel kult å sjå elva og den potensielle energien i vatn.) (Strengen. Fant ut halvvegs over brua at vi kunne gått over ei bru på nedsida. Lagå.) Etappe 6, Tysdag 24.01, Skånevatn-Rjukan: Vi stod opp kl 05:30 for å komme oss fram til Rjukan før Krossobana stengte kl 16. Vi var usikker på om vi skulle rekke det grunna veir og føre. Når vi starta kl 08:15 merka vi fort at det var klabbeføre. Det gav seg heldigvis når vi kom litt høgare i terrenget. Klok av skade frå gårsdagen og i frykt for white-out hadde vi satt opp flagg på GPS'en så navigeringa var enkel. Sikta var likevel god og det gjekk knirkefritt ned til Helberghytta. Dit kom vi fram kl 10:15 og vi nådde Gvepseborg og Krossobana kl 12:25. Vel nede på Rjukan, der det var -5C drog vi pulkane ned til sentrum og tok inn på første og beste pizzasjappe for eit realt festmåltid med Cola. Her fråtsa vi oss mette og fekk i oss ein kaffi. Desse siste 17 kilometerena gjekk betydelig fortare enn tenkt og vi var godt fornøgde når vi tok buss tilbake til Oslo 2 dagar før tidsskjema. (Siste leirplassen ved Skånevatn. Hilleberg Nammatj 3 GT var utruleg fint. Synes likevel det hadde vore praktisk med to inngangar slik som Keron har, då fotenden av soveposen butta inn i duken når vi låg på oppblåsbare liggeunderlag. Evt hatt eit lenger innertelt. Løyste det likevel greit med å hive ein vanntett pakkpose ned i fotenden.) (Klare for å fråtse i pizza og brus med sukker. Før avreise tilbake til Oslo.) Alt i alt ein nydelig flott tur. Håper nokre folk gidd å lese denne rapporten, som vart mykje meir omstendelig enn først tenkt. Hardangervidda i Januar er absolutt å anbefale når veiret klaffa så bra som det gjorde for oss! Hadde veirmeldinga vore dårleg (storm) hadde vi nok lagt turen til ein anna plass. Det var ikkje slik at vi skulle på død og liv krysse Hardangervidda, men det var hovudmålet. Desember og dagane i januar før avreise vart brukt til planlegging ved sida av jobb. Utstyr måtte handlast og kart måtte studerast. Eg kjøpte Nansen ski med BC-magnum og Alfa Outback skisko ein str opp. Ein testtur gav gnagsår etter 7-8km, men med teiping av hel var det ikkje noko gnaging. Hilleberg Nammatj 3 GT fekk vi låne, og var veldig fornøgd med det. Hadde ikkje tatt sjansen på 3-sesongstelt på vinterkryssing av Hardangervidda. No, ein dag etterpå, er eg i gang med å fundere på kvar neste langtur skal gå..... Diverse innspel, tips og triks er berre å kommentere, sett pris på all tilbakemelding!14 poeng
-
Jeg har lovet meg selv å gå mindre på ski, og mer på truger denne vinteren (men ble 25 km tors og fre og 67 km på lør) så framt snøen er trugbar. Starta perfekt med en "jule-trippel" samt 1. nyttårsdag. Perfekte turer. Forrige helg ble en bom... alt for våt snø, så det var håpløst, kun 2,5 km. (stampe i sirup, og fikk stadig snøballer under helen) Endte opp med 23 km til forts på brøyta vei i stedet, så jeg var happy. Ble en (fotofri) trugetur på søndag, mellom Spenningsby og Spikertjern, forholdsvis løs snø, men lett og gå, så da var jeg glad for at jeg hadde fått fri på mandag. Bussa inn til Skansebakken, uten noen konkret plan. Tidvis dårlig retning og orienteringssans, og erfaring fra tidligere turer, dukker det alltid opp "overraskelser" som gjør at kurs må endres. En del av sjarmen . Fulgte Tverrelva nesten opp til Nedre Lysedam, og sikta meg inn mot noen topper i østlig retning. Har GPS (og kart/kompass).. men selv med 1:20.000 kart, er det ikke alle bratte skrenter/vegger som er like synlig på Garmin (telefon med bedre zoom ligger i sekken).. så det var litt knot, (men kjempegøy) og bestige Larvikåsen. Måtte på et punkt gi opp, og ta en annen rute, da de siste 5-6 meterne rett og slett var for bratt til at det var forsvarlig, men å jobbe seg opp til snupunktet.... steike så kult, (og god mestringsfølelse) Siste biten gikk jeg på en skutertrase. Liker ikke å gå på truger på oppgåtte steder, men det funker av og til, og passa bra nå etter mye ulendt terreng. Skulle gjerne hatt litt fastere underlag, men ble da 11 km,. (3 km på skutertrase)... så selvsagt fornøyd (er jo det etter alle slags turer) Kjipt med mildvær igjen, men forhåpentligvis lenge igjen av vinteren.4 poeng
-
Det finnes det jo egen lærsåpe, f.eks EKOL lærsåpe .. alle hestejenter (og gutter..) som har pussa sin andel av saler og seletøy er vel godt kjent med den. Funker sikkert på lærhansker også, så lenge de ikke er semsket. Prøv en hesteutstyrsbutikk, ellers har biltema også lærsåpe (flytende). Jeg har aldri brukt noen spesiell såpe på hanskene mine, men olje er jo en nødvendighet når man har utsatt lærhansker for vann.2 poeng
-
Flott turrapport. Kunne gjerne vært enda lenger og mer detaljert for oss som sitter hjemme uten å komme oss på tur selv! 👍1 poeng
-
Takk for svar folkens! 🙂 Da gir jeg bare gass ..eller rettere sagt gas. 👍👍🔥1 poeng
-
Ja ikke vet jeg hva som er best, men når jeg ikke bruker Sunlight såpe(stykke) til håndvask, bruker jeg den når min gamle skinnlue (bjønne*****) en sjelden gang må vaskes. Altså, jeg får veldig ofte tørre såre hender på vinteren og ingen annen såpe jeg har prøvd virker mer behandlende for tørre hender enn Sunlight. Til mitt forsvar må jeg vel opplyse at jeg er over middagshøyden og i min barndom ble Sunlight såpe brukt til det meste som trengte litt vann og såpe.1 poeng
-
Hvordan er det med høyde på disse stavene ? Ser de fleste står oppført med 140cm som makshøyde, er det ok å gå med for en person på ca 190? eller finnes det staver som er litt lenger enn det? Har kun erfaring fra ski, og der er vel stavene mine 165.1 poeng
-
Tjaa, lette som rakkern og ganske stilige i designet men dyre som fy. Mine har jeg målt inn på 368gr totalt (inkluderer begge stavene!) Black Diamond Distance Carbon https://www.fjellsport.no/merker/black-diamond/black-diamond-distance-carbon-flz-poles-ultra-blue Tåler også mye bruk. Nå er det ikke noe igjen av tuppene på mine da Island-kryssing i sommer (+ flere turer i Norge i veldig steinete områder) slet de helt ned, men ellers er de i topp stand enda. Tuppene kan skiftes ut. Fungerer for øvrig ypperlig til å holde agressive svaler unna fra å angripe ovenifra også... 😅1 poeng
-
Black DiamondTrail Ergo Cork https://shop.widforss.no/black-diamond-trail-ergo-cork-trek-poles-picante?utm_source=prisguiden1 poeng
-
Motsatt oppfatning her. Virker logisk på meg at det kan bli noe skjev belastning alt etter hvordan man drar. Sagt på en annen måte, ikke like lett å introdusere like ujevn belastning på glidelåstenner og sømmer osv med metalldrager (med mindre du går inn for det).1 poeng
-
Og ikke minst kransekake, min klare favoritt på vintertur. Heldigvis greier vi aldri å spise opp hele og da legges resten i fryseren og en ring, eller to havner i sekken. Innhold varierer mellom hjemmelaget og kjøpekake, men også mellom de forskjellige kjøpevariantene. Den er uansett helt oppe og nikker og gir en skikkelig boost uten å bli for mektig. (syns jeg)1 poeng
-
Jeg forgrep meg på en boks iskrem i fryseren selv om jeg er på slankediett, og etterpå fikk jeg så dårlig samvittighet at jeg måtte ut og prøve å bli kvitt noen av kaloriene for å kunne sove godt til natta igjen. Antakelig var det med isen et tjuvtriks fra underbevisstheten (den luringen) for å få meg ut i skogen mens den fremdeles er kledd i sin fineste vinterskrudd. Yr lover varmegrader fra i natt av og noen dager framover, så da var det kanskje siste mulighet i dag. Lage sine egne spor! Her går ingen andre enn meg, ja også elgen, rådyret, haren, reven og ekornet da - etter de mange sporene å dømme. Eneste gangen jeg har sett spor etter mennesker her er når noen har fulgt etter i mine spor. Sikkert av noen som ikke liker å lage sine egne spor. Den "hemmelige" løypa mi fører til denne åsen som har litt utsikt å by på. Mellom trærne kan man faktisk se ganske langt avgårde. Det er nå 20 minutter etter solnedgang og langt inne i blåtimen. På kanten av stupet. Jeg skal ned der, men ikke akkurat her da. Men 100 meter bortover der, så kommer jeg ned. Turen er på fem og tre-kvart kilometer, men jeg går så kronglete og ulendt at jeg bruker to timer og tre kvarter i alt. Vel kommet hjem tar jeg et siste overblikk over vinterskogen. Hvordan ser det ut i morgen tro? Deilig å ha milevis med skog rett utenfor døra. Her kan jeg gå skogleis fra trappa til Lygna og videre nordover. 16 km oppover der går Jotunheimstien og Rondanestien, så herfra kan man gå helt til fjells om man vil. Turen i dag var derfor nærmest bare for en tur rundt på tunet å regne i forhold til de mulighetene som er.1 poeng
-
For de som liker å nerde litt rundt skistaver. Salomon MTN Carbon S3 -2023 utgaven var den jeg prøvde å finne (var ikke på markedet i 2020) i denne tråden: Jeg bruker forøvrig Åsnes løssnøtrinse på både Black Diamond staver og Salomon MTN Carbon S3 -2023 når de brukes til topptur. Salomon MTN Carbon S3 -2023 har stropp som løser ut (bra dersom hekting av stav, skred osv.), på de "hjemmebygde" Black Diamond stavene mine har jeg ikke stropp og det er helt suverent mtp å kunne flytte hånda fritt på staven ut fra terreng på vei oppover. Tok et par turer, så var det ikke noe rart å kjøre med nedover heller, nå er det nesten eklere å bruke stav med stropp. Det fantes en Salomon MTN Carbon S3 tidligere sesonger også (til venstre) men det er denne sesongens utgave (til høyre) jeg refererer til. Litt rart at de har beholdt samme navn på på ny modell.1 poeng
-
Slenger meg på denne anbefalinga. Jeg har den 3-delte utgaven selv (de blir noe kortere enn 2-delt), og de er solide saker. Jeg har særlig sansen for det lange håndtaket, noe som kommer til sin rett blant annet i sideskrått terreng. Så avhengig av din egen kroppslengde er nok kanskje 2-delt et bedre valg enn 3-delt hvis de skal brukes til fjellskiturer. Jeg bruker mine kun til toppturer, da de er hakket for korte til effektiv skigange for meg. Jeg gikk derfor for 3-delt på grunn av transportlengden.1 poeng
-
Jeg har et par BCA Scepter som har holdt stand i 5-6 år uten nevneverdig slitasje. Skulle ønske de hadde litt lengre håndtak, men det ser jeg den nye versjonen har. Det fine med disse stavene er at toppen av håndtaket fungerer som is/snøskrape! Det blir veldig flittig brukt, spesielt på topptur der det gjerne samler seg en del snø på toppen av skiene.1 poeng
-
Hatt ei flaske Biltema aktylat liggende(ute under ei rotvelte) som back up på en fast fiskeplass i minst 5 år. Brenner brant som normalt når jeg testet den i våres.1 poeng
-
Jeg er fornøyd med Leki Aaergonlite 2, men de har ikke fleksibel trinse, noe jeg etterbestilte. Skulle jeg kjøpt nye staver i dag tipper jeg det ville blitt Leki Haute Route XT - langt håndtak, 160 cm maxlengde og fleksibel trinse. Ser de har grei pris på de på derute.no nå (https://derute.no/products/leki-haute-rout-xt) Evt noe fra Åsnes, eller Gipron 797 den dagen jeg har slitt de ut.. eller mistet de1 poeng
-
1 poeng
-
Det skal ikke brukes i en motor. Så så lenge det gir flamme er det bare å gi gass1 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+01:00