Crispi Svalbard. Super bortoverstøvel. Eg droppa kartank, ikkje behov. Men har ein storleik større enn eg brukar til vanleg og har plass til ein litt meir moderat kartank frå Lundhags. Skal ein ha tjukk ullkartank tippar eg ein må opp to storleikar.
Stormmatter er vel i grunnen eit spørsmål om smak og behag, og så innretter ein seg etter det ein har. Eg trivast best utan stormmatter og innrettar meg deretter (til dømes om det føyker så spar ein litt snø langs veggen, sjølv om det ikkje bles veldig hardt). Men, etter å ha foreint flyttelass med ein annan turboms, er det også telt i hus med stormmatter. Funkar det også, ein innrettar seg berre deretter (kan bli litt tettare til dømes).