Vil tru det går heilt greit?
Gode telt toler jo enormt mykje sjølv med enkle stangsett.
Har nytta dobbelt stangsett ein gong, det var på Grønland under i tidenes "møkkaværssesong" (iflg backoffice). Då hadde me doble stenger i den buen som stod lengst vekk frå lemur, enkle i resten.
Eg opplever generelt at det er andre tiltak som er vel så viktige dersom det er veldig heftig, og det er å grave ned tomta litt før oppsett (dersom det er mogleg å få til) eller evt å surre teltet ned med noko ekstra tau.
Så skal det seiast at eg har hatt nokre runder med bøygde stenger etter skiftande vindar og overraskande vêr, men nesten så eg føretrekk at teltet lever litt med vinden enn å ha veldig rigide stenger.
Dette er dog berre mine erfaringar og preferansar, her er det like mange delte meiningar som det er om stormmatter på telt
Tillegg:
Innbiller meg at doble stenger kjem best til sin rett i middels drittver? Er det skikkeleg ille må ein til med andre tiltak. Middels ille så bidreg det til roligare telt og mindre bråk.