Vinnerliste
Populært innhold
Viser innholdet med mest poeng fra 21. aug. 2022 i alle områder
-
Vassfjøro er eit realt blikkfang av eit fjell, der det tronar majestetisk opp bak Ulvik innst i Hardangerfjorden. Sjølv oppdaga eg Vassfjøro då ein kollega av meg fortalte at ho hadde vakse opp der inne. Eg ville sjå litt i kartet for å orientere meg, og då fall augo raskt mot denne særmerkte toppen. Og litt av eit namn på eit 1633 meter høgt fjell! Planen var å gå frå Ulvik sentrum og opp til toppen via vatnet Ljoneskrulen for så og følgja ryggjen til Vassfjøro nordaustover. Etter råd frå kjentfolk og forumet her hadde eg sikta meg inn på nedstigning nord for Skrulsvatnet. Siste etappe var å møta turstien frå Osa til Hallingskeid på omlag 1200 meter og følgja den til Bergensbanen, der eg skulle hoppa på eit tog til Oslo. Då værmeldinga for 13. og 14. august var så strålande god, klinkar eg til. Tog frå Oslo til Geilo, buss til Eidfjord og båt inn til Ulvik. Allereie når båten krusar inn mot Ulvik ser eg Vassfjøro over åskanten. Det er full sommar i Hardanger og ikkje eit vindpust. Landskapet vibrerar i den brennande ettermiddagen. Vegen går opp til Solsævatnet, fyst på asfalt, så på traktorveg og tilslutt på sti. Frå Solsævatnet er det umerka sti til Ljoneskrulen forbi restane av dei gamle Sveigstølane. Det er bratt og eg svettar som ein gris oppetter lia. Men eg nærmar meg: Oppe ved Ljoneskrulen treff eg ein turgåar som akkurat har vært på Vassfjøro. Han fortel om ein heller utrygg nedfart mot Ljoneskrulen og anbefalar ikkje den vegen om eg skal opp. Eg skal vedgå eg vert litt betenkt. Men eg får vel sova på det. Teltet vert reist på ein odde i nordenden av vatnet. Eit mektig og nesten litt trugande landskap. Alle kleda er søkk blaute av svette og eg legg alt til tørk. Eg vaknar i grålysinga. Liggeunderlaget har sklidd ned i eine sideveggen. Heile innerteltet er dekka av små kondensperler. Soveposen er fuktig og klam. Og kleda er like våte som igår. Våtare faktisk. Det må være lite sol her for sjeldan har eg opplevd så mykje fukt og kondens. Klokka 8 er morgonsola framleis ein time i frå teltet. Det blir ein kjapp frukost og ein kaffi før eg pakkar sakene. 11 kg har eg på ryggen. Eg går roleg oppover. Inga kaving eller stressing. Tek meg tid til å finna den beste vegen. Det er bratt, men eigentleg ikkje noko problem. Lett klyving nokre stader. Snart kan eg sjå ned på Ljoneskrulen. Det er eit vilt og knudrete landskap her oppe. På omlag 1400 meter tek snøfonner over heile landskapet. Og endeleg, over 3 timar sidan eg braut leir, ser eg toppvarden framfor meg. På toppen er det eit flott utsyn til både Folgefonna og Hardangerjøkulen og fjorden. Eg kan kjenne at eg har lite energi, så eg fyrer opp primusen for å koka nudlar og spekepølse. Eg legg òg ut både telt og sovepose til tørk. Medan eg sit slik kjem det opp ein kar med hund frå den andre sida av fjellet. Me har oss ein liten prat før han legg på veg nedover. Eg kosar meg på toppen i 1 og 1/2 time før eg set kompasskurs innover fjellryggen. Det er gnistrande flott i fjellet. Navigeringa ned til Skrulsvatnet går greit, og eg følgjer anbefalinga med å gå rundt og ned på nordsida av vatnet og ikkje den bratte sørsida. Snart kan eg høyre ein veldig fossadur. Det er ein stor og stri bekk som eg må forbi. Heldigvis renn den ned i eit mellombasseng der den flatar ut. Der går det greit å vasse over. Vidare rundt vatnet er det eindel mikroterreng å ta omsyn til. Stundom går eg meg litt fast og må finna ein ny veg. På ein bratt stad finn eg ein lur korridor mellom bergveggen og ei snøfonn. Ikkje lenge etter rundar eg nordsida på Skrulsvatnet og då er det ikkje lenge til eg skal slå leir. Og teltplassen denne natta blir av dei betre. Tørt underlag i 100% vater. Fine nakne svaberg rett utafor teltdøra og fin bekk med iskaldt smeltevatten rett i nærleiken. Eg kan leggje alle kleda til tørk på berget og det er varmt nok til at ein kan sitja i berre trusa på 1300 meter klokka 9 på kvelden. Eg kokar middag og lar fjellroen senka seg. Betre enn dette er det kanskje ikkje mogeleg å få det? På natta blir det væromslag. Regn og vind. Det får bli frukost og kaffikoking innandørs. Og så er det berre å treffa den merka turstien frå Osa. Det blir litt leiting etter trygg veg når ein går på tvers av furene i terrenget. Men brått får eg auge på ein stor varde. Og ein endå større utsikt: Då er det berre å følgja dei raude T-ane heilt fram til Hallingskeid stasjon. Eg går no inn i eit litt gudsforlatt område og stien følgjer ein svart og steil fjellvegg nokre kilometer. Kanskje det er været som gjev landskapet eit litt dystert preg, med skydekke og småregn. Det er mykje snø her, sjølv om eg berre er på 12-1300 meter. Har faktisk aldri sett så mykje snø på denne høgda før midt i august. Men snøen må sleppa taket når eg kjem meg lågare ned, og i Buadalen før Hallingskeid stasjon er det atter frodig fjellvegitasjon. Då er det berre å vente på toget. Og på Bergensbanen er det jo alltid forseinka. Men det gjer ikkje noko. Eg kjenner berre stor glede etter ein uvanleg flott tur. Fantastisk område dette. Ein tur med litt hår på brøstet.2 poeng
-
2 poeng
-
Gikk med 30+ kilo på ryggen, og skoene var veldig stødige å gå med. De ble bedre og bedre etter hver som de føyde seg til fot/gange. Venter på tllbakemelding på rustflekkene.1 poeng
-
Vaude har ofta Polyester i sina tält vissa nackdelar mot Silnylon men de är ofta då mkt billigare samt de som jag provat bra design och hållbara lösningar men ofta lite tunga tält,men bra som nybörjar märke eller ok för de som ej anv tältet så ofta.1 poeng
-
Kan ha noe å gjøre med at de fleste ønsker å kjøpe «ubrukte» greier når de handler i butikk.1 poeng
-
Vaude invenio 3 ul. 3 manns telt på 3,3 kg med utvendig stangsystem der teltduken festes raskt og smart med strikk. Tåler mye og er svært praktisk i bruk. 5 år gammelt. Tante grønn svikter aldri. Hilleberg allak 2. Det perfekte 2 mannsteltet for de fleste værforhold. Spesielt i varmt vær setter jeg stor pris på ventilasjonen. 3,3 kg. Hilleberg unna. 2,3 kg. Kjøpt på finn i vår, så foreløpig har jeg bare sovet et par netter i det. Lovende. Vaude space seamless sul 1-2. Smart oppsett der du kan velge om du vil reise teltet med ytterduk og innertelt sammen, eller bare bruke innerteltet, som er en blanding av duk og mesh. 2 vestibyler, 1 inngang og 1590 g. Solotelt, men det går å bruke det for 2 som liker å ligge tett.1 poeng
-
Har dette teltet/tarpen selv men synes det er litt knotete å komme inn i uten glidelås. Kanskje jeg skulle fått sydd på en 😆 Sekken jeg har fra MLD er super så enig i at det er lite å si på kvaliteten. Er håndtakene på vandrestavene av plast på Leki? Kalde å holde i?1 poeng
-
Det er noen tråder og løse poster om X-Mid her inne: https://www.fjellforum.no/topic/56496-spørsmål-om-durston-x-mid-og-andre-gåstav-telt-og-feste-i-bakkenstødighet/ https://www.fjellforum.no/topic/58317-durston-x-mid-1p-og-2p-solid-selges-idag-kl-17-fra-kaviso-fraktmetode Ellers så finner du en del erfaringer rundt på nett som f.eks: https://www.facebook.com/groups/durston.gearheads https://old.reddit.com/r/Ultralight/ http://trek-lite.com/index.php?threads/dan-durston-massdrop-x-mid.49601 poeng
-
Jeg bruker et MLD Cricket, som egentlig er pyramidetelt uten dør. Solomid XL er teltalternativet. Veldig bra kvalitet på alt fra MLD. Gåstavene mine er Leiki Sherpa og tviler sterkt på at jeg klarer å knekke de med det første.1 poeng
-
Oppdatering: Limte på nytt feste men klarte å lime ned den ene som finna skal igjennom... Hvordan løsner man limet?1 poeng
-
Tror man kan finne mye rare erfaringer uansett hva slags utstyr man dissekerer. F.eks har jeg hatt 2 par med Marker Alpinist 12 over 3+ år nå uten noe som helst tull med dem, mens en kamerat av meg fikk problemer med ATK Freerider 14 etter et par ukers bruk (smådeler i mekanismen som låser skistopper ved gåing løsna og datt ut). Like fullt synes jeg ATK FR er en knallgod binding med mange gode egenskaper. Ang. Marker Alpinist og skistoppere så er de superenkle å bruke; dytt inn bøylen bak bindingen, deretter press ned skistopper med enden hånda eller skoen og den sitter fast i gåposisjon. Når du skal ha skistopperene i "kjøre posisjon", stikk tuppen av skistaven på innsiden av bøylen bak på bindingen og vipp den ut. Ferdig. Skal jeg gå på dem så går jeg enten med binding snudd og kan gå flatt eller med helløfter på høyeste (savner ikke høyere nivå, isåfall går man (for) bratt oppover), eller bare flipper over helløfter på mid-nivå hvorpå man kan gå rett over i kjøreposisjon der man ikke ønsker å ta av skiene før man skal ned. Fordeler og ulemper med disse bindingene, som med andre bindinger, avhengig av hvordan man ser på løsningene. Jeg har også noen topptur/frikjøringsbindinger med DIN 16, disse har både fremover og nedovertrykk og roterende frembinding for å ta opp slag etc. Helt knall å kjøre på men 9 av 10 turer så tar jeg ski med Marker Alpinist bindinger da disse gjør jobben helt greit nedover og veier 1/4 av "beistene", dvs er mye mer behagelige å dra med oppover.1 poeng
-
1 poeng
-
Enig der. De fleste menn i min familie når aldri pensjonsalder. «Man må ville det man kan, før man ikke kan det man vil»1 poeng
-
😄 Den elendige nettsiden deres hadde ingen funksjon for verken å avslutte abonnementet eller slette kredittkortopplysningene som var lagt inn. Selv etter flere henvendelser til "kundeservicen" deres bare fortsatte de å belaste kortet mitt igjen og igjen. Jeg tror jeg hadde årlige utgifter på rundt 2000,- på den greia. Jeg vurderte å bare sperre kortet mitt, men etter litt graving på noen amerikanske nettforum klarte jeg å spore opp direkteadressen til en som jobbet på regnskapsavdelingen i Globalstar (som er satellitt-operatøren FindMeSpot benytter) og han fikk etter hvert stoppet abonnementet for meg. Etter mye masing klarte jeg også å få refundert utgiftene for det siste året. 😅1 poeng
-
1 poeng
-
1 poeng
-
1 poeng
-
1 poeng
-
Endte med å parkere ved Trondsbu og tok meg en rundtur, rundt Nordmannslågen og et godt stykke opp langs Eitro. Fin tur men litt langt å gå med tung sekk 👍1 poeng
-
1 poeng
-
1 poeng
-
1 poeng
-
1 poeng
-
Høres ikke bra ut, nei! Selv om det vil være heelt feil om du skulle ende opp med jobben med å rake kastanjene ut av bålet for produsent og selger tidsnok til sommerferien, så kan det være at du er uheldig nok til å ende opp med å fikse sømmene selv - om det blir tvingende nødvendig. På silnylon (som Hillebergs Kerlon-materiale er) kan man bruke noe silikonbasert feks McNett Silnet Silicone Seam Sealer, gjerne tynnet litt ut med white spirit, pensle dette over sømmene som må forsegles, la tørke og til slutt strø over litt talkum for å fjerne "klistringen". Se feks http://gossamergear.com/wp/seam-sealing-tarps-tents, http://www.backpackinglight.co.uk/seam-sealing.html, https://www.youtube.com/watch?v=j-8wTMNsa94 Håper du slipper (selv om det egentlig ikke er veldig vanskelig) - etter mitt syn bør du få deg et nytt (og tett) Allak i ekspressfart fra selger/produsent...1 poeng
-
1 poeng
-
1 poeng
-
Fra Innerdalen/Innerdalstårnet i midten av juli. Skarfjellet til venstre. Utsikt nordover.1 poeng
-
0 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+01:00