Men å bruke tid og energi på å spare 25% på litt tannkrem og kart er bortkasta med tanke på totalvekta. Med mindre ein har ei veldig følsam vekt, som også tåler nokre kilo, er ikkje desse gramma målbar i den ferdigpakka sekken. Dersom ein derimot sparer 25% på teltet aleine, kan det utgjera 10% av den ferdigpakka sekken. Då eg forkasta ideen om heilårstelt, og eg kjøpte meg eit lett sumartelt, sparte eg 1,3kg.
Mine tankar rundt å spare vekt, er veldig enkle. Dei store, naudsynte tinga vurderer eg alltid om kan erstattast av lettare variantar. Prisen er gjerne det som sett grensa for kor lette variantar eg vel. Som allereie nevnt tidlegare i tråden, er eg ikkje villig til å betale mange tusen kroner for å spare ca 300g på ein sovepose. Men når soveposen eg har i dag, er utsliten, så eg likevel skal ha meg ny, skal det vurderast. Skal eg spare gram på resten, er vurderinga om eg har bruk for tingen eller ikkje. Det eg ikkje har bruk for, kan eg legge att. Det eg har bruk for, tar eg med.
Eg er ikkje veldig ivrig på å spare vekt på sjølve sekken. Eit godt bæresystem er viktigare for meg, enn å spare litt vekt. Eg har også slitt ut så mange sekkar, at eg veit å verdsetje ein slitesterk sekk.
Om den sparte vekta vert brukt for å få med meg meir fotoutstyr, raskare marsfart, lengre dagsetapper eller fleire toppturar undervegs, er avhengig av formålet med den aktuelle turen. Men eg erfarer i alle fall at ein lettare sekk gjer det lettare å koma seg på overnattingstur. Dørstokkmila vert altså kortare med lettare utstyr.