Eg blandar ingen ting, eg viser bare til kva som er forskjellen på geoiden og ellipsoiden. Og det var eit svar til eit innlegg tidlegare i tråden.
Når det gjeld høgdemåling med GPS, er det triangulering som er GPS-metoden, og den refererer seg i utgangspunktet til geoiden. Alle GPS'ar finn høgda på denne måten.
Så er det nokre GPS'ar, langt frå alle, som også har barometer og som derfor også kan måle høgde barometrisk. Dette skjer i praksis ved å måle trykkforskjellen frå eit kjent punkt, altså det punktet der den barometriske høgdemålaren er kalibrert. Mange GPS'ar med barometer kalibrerar seg sjølv, og då veit ein eigentleg veldig dårleg kva slags høgde ein har. Dersom ein derimot kalibrerer den barometriske høgdemålaren sin sjølv, får ein ei høgde som forheld seg til same høgdesystem som den høgda ein kalibrerte mot, det er sjeldan geoiden. Og kalibreringa er sjølvsagt ferskvare.
Når det gjeld å finne ut kva for topp av to nesten like høge toppar i umiddelbar nærleik av kvarande, som er høgast, treng ein heller ikkje kalibrere barometeret, det er bare å finne ut på kva topp det er lågast lufttrykk. Ein sjølvkalibrerande GPS med barometrisk høgdemålar kan derimot greie å rote det til for seg på ei så enkel oppgave også. Å bare bruke GPS-høgder til slik måling gjev heilt vilkårleg resultat.