Eit midtpåtreet DSLR mangler også mange funksjonar
I staden for å gå i skyttergravene og krangle om kva slags system som er best, må kvar enkelt finne ut kva for kamera (både system og modell) som er det beste kompromisset for sitt bruk. For kompromiss er det mange av, særleg når vekt og pris går inn i reknestykket. Dette er ikkje bare eit valg mellom spegellaus eller spegelrefleks, men like mykje eit modellvalg, ettersom dei billigaste modellane ofte er litt vingekutta når det gjeld funksjonalitet og tilbehør.
Sjølv foretrekk eg eit kamera som er enkelt å bruke, også med votter på hendene. Då ender eg med eit litt stort kamera med knapper nok til at eg aldri treng gå inn i ein meny i felt. Andre vil prioritere vekt, ettersom sekken er tung nok fra før.
Utvalg av tilbehør er viktig, men det som er viktig er bare om utvalget dekker dine behov. Utvalget av optikk er størst for dei godt etablerte systema, men så lenge ein greier seg med ein eller to zoomar med moderat lysstyrke og utan dei ekstreme brennviddene, er alle system godt dekka.
Bildekvaliteten er avhengig av sensoren og optikken, ikkje av kva slags søkar det er på kameraet.