D300 eller D200 alt ettersom kva som er lettast tilgjengeleg. Det er sjølvsagt kobla ein GPS til kamera, koordinatar må ein jo ha for å ha eit fungerande arkiv.
Eit lite utvalg småobjektiv blant 20mm, 28mm, 50mm, 100mm eller 105mm og 180mm eller 200mm.
Vintertid prioriterer eg god lysstyrke med 28mm/2, 50mm/1,4, 105mm/2,5 og 180mm/2,8.
Sumarstid prioriterer eg i større grad liten vekt og kort nærgrense. Då tar eg med meg 28mm/2,8 med 20cm nærgrense. Eg byttar ut anten 50mm med 55mm mikro, eller 105mm med 105mm mikro. 180mm vert gjerne bytta ut med 200mm/4 eller 135mm/2,8 for å spare vekt, litt avhengig av kva slags dyre- og fugleliv eg ventar å treffe på turen. I tilfellet med 135mm'en, droppar eg gjerne 105mm for å spare endå meir vekt. 20mm/3,5 trur eg er med alltid, ettersom dette er det objektivet eg har som taklar motlys desidert best.
Alt dette har eg i ei vanntett Ortlieb-fotoveske festa på brystet i ein beresele. Der er det godt beskytta og alltid lett tilgjengeleg.
I sekken har eg eit stativ. Anten Berlebach mini eller eit lite karbonfiberstativ på omlag same vekt. Det siste er langt frå så stabilt stativ, men det er høgare. Ei fokuseringskinne ligg også i sekken store delar av sumaren.
Dersom eg har planer som gjer at eg har bruk for det, tar eg med meg ein ekstern blitz som eg kan styre trådlaust. Dette kan typisk vera til nærfotografering. På overnattingsturar vert derimot blitzen sjeldan med.