Gå til innhold
  • Bli medlem

Test av vintersovepose i dun - Warmpeace Viking 1200


Tessatroll

Tsjekkiske Warmpeace starta i si tid opp med mål om å produsere varme og komfortable soveposar til folkelege prisar. Og nettopp dette er det som slår deg når du får soveposane i hende og i bruk. God kvalitet til særs konkurransedyktig prisar. Den testa modellen er Warmpeace Viking 1200 i storleik regular. Det er ein reell fare for at denne posen vert testars trufaste fylgjesvenn, også etter endt testperiode.

[gallery600x480]
[album]448[/album]
[/gallery]

 Produkt
 Warmpeace Viking 1200
 Levert av Hekta På Tur
 Veiledande pris kr. 5.499
 Fast lågpris per 2016 kr. 3.999

 Fakta frå leverandør
 Vekt: 1.760 g
 Fyllvekt: 1200 g
 Volum komprimert: 13 l
 Dunspenst/Cuin: 600 EU 700 US
 Fyllratio: 90/10
 Temperaturangivning EN standard 13537:
 T Comfort   -10 °C
 T Limit        -18 °C
 T Extreme  -38 °C

 Fakta frå Fjellforum
 Vekt pakka i kompresjonspose: 1.836 g
 Vekt kompresjonspose: 135 g
 Vekt pose: 1.701 g

 Fakta om testperson
 Kvinne 34 år.
 167 cm og normalvektig.
 Van med å ligge ute, ikkje spesielt frossen.

 Testkriteriar

  • Vekt og varme
  • Pakkvolum og dunspent
  • Dunvandring og kvalitet på saumar
  • Komfort og brukarvennlegheit
  • Pris

Om posen
Viking 1200 er den varmaste posen av i alt fire modellar i denne soveposeserien frå Warmpeace. Den har ein romsleg mumiefasong, med tettsittande hette og varmekrage. Glidelåset er tovegs YKK, med ein brei dunfylt kuldeklaff på innsida. Det er lagt webbing (stivt band) langs glidelåset, som skal hindre det frå og kile seg.

Ytterstoffet er Loft Nylon DWR+. Dette er vassavvisande, skal tole høg belastning og er lett.

Modellen kjem i tre ulike storleikar for personlengde inntil 170 (short), 180 (regular) og 195 cm (large), med glidelås på venstre side.

Posen er sydd med Z-kammer. Det vil seie at kammera overlappar kvarandre. Tanken er å unngå kuldebruer som typisk vil oppstå med vanlege kanalar sydd med gjennomgåande saumar. Sjå bilete i karusell.

Posen er handfylt hjå ei familiebedrift i Tyskland, som har arbeidd med dunprodukt sidan 1952. Dei føretek også den siste kvalitetssjekk av produkta før dei sender dei frå seg. Dunspenst er oppgitt med minimumskvalitet.

Foret i alle Vikingposane er av pustande svart stoff. Det pustande stoffet skal syte for fukttransport båe vegar, og den svarte fargen er valgt for å kunne nytte ein kvar gløtt av sol i fjellet til å få tørka ut fuktigheita me slepp ut i posen i løpet av natta.

Ekstrautstyr:  For den som likar enno betre plass enn det posen byr på, kan ein kjøpe seg auka omkrets på posen i form av ein dunfylt kile som er kompatibel med glidelåsa. Denne heiter Warmpeace extender og ligg per 13.04.2016 til kr. 799

Forklaring av nokre viktige omgrep
Dunspenst: Duna si spenst og evne til å utvide seg vert rekna i ein skala som heiter cuin (cubic inches per ounce). Dess høgare cuin dess høgare spenst og evne til utviding. 

I praksis vil det då fungere slik at om ein tek like mange gram dun med låg og høg cuin inn i same jakke med same materialar, vil den med høg cuin isolere betre. Dette fordi spenst og utviding dannar eit større isolerande luftlag enn duna med lågare spenst. Konsekvensen av dette er at ein, gitt like føresetnader elles, treng mindre mengder dun for å oppnå ei bestemt isolerande effekt, dersom ein nyttar dun med høg cuin. Desse faktorane påverkar i stor grad kor godt posen let seg komprimere og kva den veg. 

Skalaen for US dunspenst og EU dunspenst er noko ulik. 600 EU er omlag det same som 700 US.

Dunblanding seier noko om det prosentvise tilhøvet mellom dun/fjær. Ein pose merka med 95/5 dun/fjær har det varmaste blandingstilhøvet du kan få, med 95% dun og 5% fjær. Dei fleste dunprodukt i dag ligg frå 80/20 og oppover.

Høg andel dun og høg cuin kostar, likeins gode materialar. Test av dunposar og ein dunpose sin kvalitet må difor alltid sjåast i samanheng med pris.

Tilhøve under testing
Posen har til no 15 bruksdøger. Desse har gått føre seg med eit temperaturspenn frå -20 til 0 °C, i tørt vær, og i skikkeleg vestlandsfuktig vær. Den har vore med i arcticbeddingen på pulktur, og den har vore kraftig komprimert og pakka i botnen av storsekken. Den har blitt brukt som om den var testars eigen pose, med det minimum av forsiktig handsaming det innebær å være i underteikna sine hender. 

Vurdering
Ein finn lettare posar enn denne, som er like varm og meir komprimerbar. Ein kan også finne dunposar som er rimeligare og like varme men langt tyngre og mindre komprimerbare. Dette handlar om å sjå eiganskapane vekt, komprimerbarheit, kvalitet og varme i samanheng med pris, og konkludere med omsyn til balansen desse faktorane imellom.

Vekt og varme
Posen har vore brukt i temperaturar på mellom 0 og -20 °C, og prestert godt under alle tilhøve. Posen er angitt med komfort temperatur for tester (kvinne) på -10. Tester opplever at posen er langt varmare enn angitt. Ved minus 10 holdt underteikna varmen, til tross for at liggeunderlaget var hakket tynnare enn eg likar i minus 10 (låg isolasjonsevne, eller R-verdi.)

Med tjukkare/doble liggeunderlag, held underteikna varmen i denne posen i -20 °C. Eg har aldri hatt så varme netter for så låg vekt, i denne prisklassa. Skal ein ha dei same temperaturangivelsane i ein lettare pose, må ein rekne med eit langt større utlegg.

Konklusjonen er at temperatur sett i forhold til vekt er meget bra, betre enn det som var oppgitt.

Du kan lese meir om EN standard her, og meir informasjon om R-verdi på liggeunderlag finn du her.

Pakkvolum, dunspenst, dunvandring og saumar
Posen ligg i mellomklasse kva gjeld pakkvolum sett opp mot angitt temperatur, til tross for bra dunspenst. Forklaringa ligg nok i ei fyllmengde på 1200 gr. dun. Det  må nødvendigvis gi noko volum, sjølv med høg kvalitet på duna. Derimot opplever underteikna at pakkvolum opp mot opplevd temperatur er meget  bra. 13 l for ei god natts søvn i  minus 20 kvalifiserar til eit opprykk på volumvurderinga. Dette må nok også sjåast i samanheng med at ein oppgir minimumsstandard på dunkvaliteta, og ein kan rekne med at det er mykje dun med høgare kvalitet enn 700 cuin i sving.

large.warmpeace-viking_1200_3_4250.jpg.3e836aae3cf2b9be56c4e426451efc68.jpgKompresjonstrekket er solid, og kan verkeleg jobbast med utan at noko ryk sundt. Spennene er noko trege. Til gjengjeld glid dei ikkje opp før du løyser dei med handemakt. 

Posen hentar seg raskt inn etter kompresjon, ofte langt raskare enn "naboens" langt dyrare pose i samanliknbare klasser. Duna "fell på plass" nærast av seg sjølv, og arbeid med å "fluffe" opp og omdistribuere dun i posen finn ikkje stad. Gi han to rist i det du trekk han ut av posen og hiv han på underlaget, og det har ordna seg sjølv. Eg opplever at det skuldast utforminga på kammera i kombinasjon med dunmengda.

Eg opplever også at eg av same grunn, i mindre grad enn med mange andre dunposar, opplever kalde punkt på pundersida når eg ligg. Dette gjorde nok sitt til at posen var varm nok til meg og holdt temperaturangivelsen, også den gongen liggeunderlaget ikkje var optimalt.

Nokre få dunfjon har funne vegen ut av posen og inn i teltet. Dette er så få, og dei er så små at det nesten ikkje er nevneverdig. Eg har hatt dunjakker i ei prisklasse eg ikkje likar tenke på, som har lekt meir dun enn dette, med mindre hardhendt behandling.

Med 15 netter har eg litt lite grunnlag for å seie noko om haldbarheit på saumar og handtverk elles. Førebels kan eg seie at saumane verkar solide, med tette, faste sting og god slitestyrke på tråd. Handtverket elles er upåklageleg.

Komfort og brukarvennlegheit
Hetta sitt godt, og ein får snurpa den godt igjen ved behov. Den har bra med dun, og vert opplevd som eit godt vern mot varmetap. Kuldekragen var eg i utgangspunktet skeptisk til, då endane på den berre så vidt overlappar kvarandre, og då utan borrelås, knapp eller noko anna form for feste. Skepsisen min har dog blitt gjort til skamme. Kragane tettar seg ved stramming fint til over skuldrane, og er med på trekke heile hette/halssystemet tettare på kroppen. Faktisk kan det tenkjast at den manglande overlappen med feste gjer at kragen legg seg finare til kring halsen, uten klumpar og bulkar som lagar opning for varmetap.

Glidelåset er tovegs, eit must for slike som meg som vil ha det varmt kring nakken men som ofte vaknar av at føtene står i kok. Det er også ein føremun å kunne opne ved føttene på morgonen før ein kryp or posen, og få lufta fukt ut av fotenden medan posen framleis er varm. Eg har til gode å kile glidelåset, noko eg sett stor pris på både når det hastar og elles. Eg har ikkje merka noko form for kuldebru langs glidelåset, så kuldeklaffen gjer nok jobben sin.

large.image2.JPG.00f69799d0c6379239dc288c1c815a19.JPGDet svarte foret i posen tørkar fort, og det funkar særs bra med tanke på å nytte kvar en liten gløtt av sol til å få varma opp å tørka ut nattas fukt. Dei fleste som har prøvd å varme opp og tørke noko i sola, anten det er for å få festevoksen  til å gli lettare på skia eller å få tørka tekstilar, veit å sette pris på denne vesle detaljen som fargen på fôret utgjer. 

Ytterstoffet skal være vassavisande og funkar også slik i praksis. Underteikna er glad i å ta den første morgonkaffien i posen, og rett som det skvett vert det noko slubbing. Dette tørkar fort, og ser ikkje ut til å trekke inn til duna. 

Komforten er upåklageleg. Den moderate mumiefasongen gjer at det er mogleg å bevege seg litt i posen, utan at han vert så stor at det for ein person med "gjennomsnittleg" kroppsmasse vert for mykje å varme opp. Posen er mindre glatt utvendig enn ein del andre posar eg har prøvd, og innerstoffet vert opplevd som passeleg glatt med tanke på å kunne bevege seg utan at det "heng" fast i klea. Klimaet i posen er godt, over eit breidt spenn av temperaturar, noko som indikerar gode materialval både utvendig og innvendig.

Regular vert opplevd som rett storleik til meg, og vil nok funke også for folk som ragar litt meir over bakken enn mine 167 cm.

Førebels konklusjon
Nesten uavhengig av korleis det går i vidare test er dette allereie veldig mykje pose for pengane. Den er funksjonell og komfortabel, med god komprimerbarheit og låg vekt sett i lys av varme og pris. Allereie ein soleklar favoritt hjå underteikna, og definitivt mitt val når det skal fornyast i familien.

Dette skjedde med posen i det vidare
Posen skal brukast vidare, med ei evaluering av tilstand etter 50-60 bruksdøger og igjen etter førstegangs vask.

Endret av Tessatroll


  • Liker 32



Brukertilbakemelding

Anbefalte kommentarer



qwer993

Skrevet (endret)

Fin test som dekker mye. Litt generelt så lurer jeg på hva du mener om behovet for vannavstøtende yttertrekk på soveposen i telt om vinteren (bortsett fra kaffesøl:-). Når jeg ser på min egen pose, så virker det ofte som om det vannavvisende yttertrekket samler opp fuktighet på innsiden (hindrer fordampning). Men blir aldri helt sikker.

Endret av qwer993
Tessatroll

Skrevet

Det du påpeikar der @qwer993 er vel eit evig "dilemma" og ei problemstilling. Er kanskje ein grunn til at ein ved enkelte type lange turar og ekspedisonar brukar vassavvisande/vasstett ytterstoff, pluss dampsperrepose inni soveposen. 

Eg har ikkje noko fasittsvar, og problemstillinga minner meg litt om den evige diskusjonen goretex ikkje goretex, våt utanfrå eller våt innanfrå osv.

Forskjellen er at her gjeld det soveposen, eit viktig ledd i tryggleikskjeda. Når ein mann då slepp ut omlag 750 ml fukt i løpet av ei natt, og ei kvinne omlag 500 ml, kan ein spørje seg om det ikkje er like greit med eit skikkeleg pustande ytterstoff.

Sølv tenkjer eg at det handlar om balansen, altså at val av materiale og løysingar TOTALT sett gjer at ein kan hanskast med problemet fukt.

Over litt tid er det vel det akkumulerte nivå av fukt som gir utslag. Å då ha vassavisande stoff som gjer at fukt ikkje har fri bane inn til duna i kombinasjon med eit pustande innerstoff som ein kan nytte når ein skal tørke fukt ut, tenkjer eg er eit godt oppsett for dei fleste vinterturar i norsk høgfjell. 

Dette siste er i alle fall det som funkar best for meg. Dette av di eg stort sett, med få unntak, ferdast i norske fjell. Sjølv om me har hyppige væromslag, og her i vest periodevis nokså høg luftfuktigheit, er det oftast slik at ein får ein halv dag, eit par timar eller nokre augneblinkar med litt vind utan nedbør og/eller nokre solglyttar. 

Er ein då flink å nytte desse til å dandere posen på pulken eller på sekken, evt utanfor teltet, greier ein stort sett halde fuktnivået totalt sett nede på eit vis som gjer at posen funkar fint. Eg er også nokså nøye med å lufte ut av posen ved føttene om morgonen, medan eg framleis ligg i posen, og varmen frå kroppen min hjelper fukta å fordampe. Ei kjapp runde på do utan mneir kle på (dersom det let seg gjere) er også ofte effektivt for å lufta fukta som sitt i "pysjen" ut, før ein legg seg i posen att for morgonkaffe . 

Eg er ikkje nokon "soveposeteknikar", men har ved fleire høve sett at mine posar med vassavvisande stoff rett og slett held seg fluffy lenger under krevjande tilhøve, enn fleire eg kjenner som har "ultralette" posar med supertynt ytterstoff som pustar. Fukta frå kroppen må uansett passere duna på vegen ut, og det kan verke på meg som at det totale nivået av fukt vert større i posen når ein får belastninga med fukt utanfrå i tillegg.

Altså tenkjer eg at det er ok å kunne førebyggje oppbygging av fukt frå kroppen gjennom dei skisserte tiltak, utan i tillegg å skulle bli hysterisk om posen kjem i kontakt med duk/golv/vassflaske/skalljakke osv osv. På tur med slike får eg ein trang til å flytte ut :P

Nokre gonger veit ein at ein skal ut på veldig fuktige greier. Då vil eg nok heller velje tresesongsposen/ein tynn dunpose med ein syntet sommarpose utanpå. Syntetposen tørkar fort anten det er ved hjelp av sol eller frysetørking, tek det meste av kondensen og gir meg eit ekstra luftlag. Då treng eg berre syte for å få lufte ut fukta eg har slept frå kroppen gjennom natta, så har eg ein tørr og påliteleg dunpose i lang tid uavhengig av tilhøve. Vinterpadling er eit slikt døme. Også enkelte breturar.

  • Liker 5
Lompa

Skrevet

Noe info om dyrevelferd og etikk i forbindelse med duninnsamling? Dette synes jeg alltid bør være med når dunprodukter testes.

Tessatroll

Skrevet

59 minutter siden, Lompa skrev:

Noe info om dyrevelferd og etikk i forbindelse med duninnsamling? Dette synes jeg alltid bør være med når dunprodukter testes.

Samd. Eg har fått fleire tilbakemeldingar på det, og kjem til å kome med ei oppdatering på det i nest runde, samt ta det med inn i diskusjonane kring testartiklar for dunprodukt. Takk for innspel :) 

  • Liker 1
Lompa

Skrevet

Topp! :)  Ser for øvrig ut som en veldig fin pose, men utvalget er bare så alt for lite for oss tometringer..

Tessatroll

Skrevet

6 timer siden, Lompa skrev:

Topp! :)  Ser for øvrig ut som en veldig fin pose, men utvalget er bare så alt for lite for oss tometringer..

Ja, skjønte du ikkje at du skulle byrje med Pippis krumelurpillarr ved passert 183 cm? Hehe. 

Endå eit godt innspel, test av sovepose for lange folk kunne være noko. 

Lompa

Skrevet

1 time siden, Tessatroll skrev:

Endå eit godt innspel, test av sovepose for lange folk kunne være noko. Det må nok forøvrig til ein annan testperson då :P

Åh, det hadde vært fantastisk! Har alltid savnet oversikter ala "Her er bilene lange folk får plass i", "Disse klesmerkene har lange bukser, uten livvidde som ei vintønne" osv..

  • Liker 2
squidman

Skrevet

Marmot CWM kan ofte skaffes fra Usa til 5-600 usd (blir vel 5400 nok + frakt + mva...sånn veldig circa 7900 nok pga av svak kronekurs....(har lagt til usd 100 i frakt)...

https://www.google.com/search?q=marmot+cwm&oq=marmot+cwm&aqs=chrome..69i57j0l5.2327j0j7&sourceid=chrome&ie=UTF-8#q=marmot+cwm&tbm=shop&spd=18194608823565900603

Mye tyngere pose da, og ikke helt 100% sikkert på kvalitet (marmot har kanksje noe frynsete rykte når det gjelder pose?) men dette er tross alt en av verstingsposene sammen med feathered friends, WM Bison osv til mye mindre enn norske forhandlere skal ha (12k+? fuggedaboutit!).  Kult om Warmpeace har varmere poser også...har ofte lurt på øst-europeiske poser  (kaldt nok i sibir osv!), må jo være billigere enn i vesten. Bruker Tjekkiske klær (Tilak osv) ikke noe å si der, softshell har holdt i nesten 20 år....

Prebb

Skrevet

Jeg bestilte meg denne da jeg synes prisen virker veldig bra. Vil du si denne soveposen er tilstrekkelig for vinterbruk i norsk høyfjell @Tessatroll? Tenkte å supplere den med en jerven extreme til vinteren.

Thomas E

Skrevet

4 minutes ago, Prebb said:

Jeg bestilte meg denne da jeg synes prisen virker veldig bra. Vil du si denne soveposen er tilstrekkelig for vinterbruk i norsk høyfjell @Tessatroll? Tenkte å supplere den med en jerven extreme til vinteren.

Spør du meg syns jeg det grenser til galskap å ha en 2kg duk for å supplere en sovepose som dette. Jeg ville brukt disse kiloene til noe helt annet( en dråpe whisky hjelper kanskje ;) ), men hvis du har med denne fjellduken uansett så er det sikkert mer enn nok. Kan ellers anbefale STS sine soveposlinere. En STS Reactor Extreme skal forbedre komforttemp med opp til 15 grader, veier (og koster) mye mindre enn en fjellduk og forlenger levetiden på soveposen. Kombinert med klær tror jeg du skal være veldig godt innenfor de aller fleste temperaturer på høyfjellet vinterstid.

Prebb

Skrevet

1 time siden, Nimrad skrev:

Spør du meg syns jeg det grenser til galskap å ha en 2kg duk for å supplere en sovepose som dette. Jeg ville brukt disse kiloene til noe helt annet( en dråpe whisky hjelper kanskje ;) ), men hvis du har med denne fjellduken uansett så er det sikkert mer enn nok. Kan ellers anbefale STS sine soveposlinere. En STS Reactor Extreme skal forbedre komforttemp med opp til 15 grader, veier (og koster) mye mindre enn en fjellduk og forlenger levetiden på soveposen. Kombinert med klær tror jeg du skal være veldig godt innenfor de aller fleste temperaturer på høyfjellet vinterstid.

Jeg har to lakenposer fra før, og kommer nok til å bruke en av dem uansett. Poenget med jervenduken er ikke nødvendigvis å øke komforttemperaturen, men å brukes som varme når jeg tar pauser, sitter ute om kvelden (om det går), og som arctic bedding-pose på pulken.

Om jeg skal gå med sekk vil jeg nok vurdere å droppe den duken.

Tessatroll

Skrevet

Den 2. august 2016 at 16.37, Prebb skrev:

Jeg bestilte meg denne da jeg synes prisen virker veldig bra. Vil du si denne soveposen er tilstrekkelig for vinterbruk i norsk høyfjell @Tessatroll? Tenkte å supplere den med en jerven extreme til vinteren.

Dette er jo individuelt, men ja eg vil definitivt seie denne er tilstrekkeleg til norsk høgfjell vinterstid, til den "gjennomsnittlege" mann under "normaltilhøve".

Fjellduken er fin, dersom du likevel skal ha han med. Som sagt har eg det bra i berre denne posen, uten å supplere, ned til 20 minus. Dog med ull og lue, evt ekstra på rompa (det siste trur eg er eit utprega kvinnebehov). 

Sjølv kjem eg til å satse på denne dersom neste års langturplanar vert ein realitet, då supplert med ein sommarpose. Dette fordi nattemperaturane på slutten av turen gjerne kan droppe til minus 30 og ved enkelte høver minus 40. 

Bjørn J

Skrevet

On 2.5.2016 at 9:39 AM, Lompa said:

Noe info om dyrevelferd og etikk i forbindelse med duninnsamling? Dette synes jeg alltid bør være med når dunprodukter testes.

Helt enig, det er alt for mange fugler som lever helt jævlige liv for at vi skal ha soveposene/dunjakkene så billige som mulig.

Jeg har prøvd å finne ut om Warmpeace har noen policy på å bruke etisk forsvarlig plukket dun, men finner ikke noe på nettsidene deres, eller andre steder.
Warmpeace er ikke nevnt på nettsider som lister opp produsenter som garanterer dun produsert på en etisk riktig måte. Da velger jeg å tro at Warmpeace gir blaffen, og ikke tar hensyn til fuglenes liv når de kjøper dun til posene de lager. I hvert fall inntil de garanterer noe annet.

Og jeg oppfordrer alle til å sjekke at dunproduktene de kjøper er produsert på en måte som tar dyrevelferd på alvor. Da kan soveposen eller dunjakken brukes med bedre samvittighet.

  • Liker 4
Tessatroll

Skrevet

Den 10/1/2016 at 22.27, Bjørn J skrev:

Helt enig, det er alt for mange fugler som lever helt jævlige liv for at vi skal ha soveposene/dunjakkene så billige som mulig.

Jeg har prøvd å finne ut om Warmpeace har noen policy på å bruke etisk forsvarlig plukket dun, men finner ikke noe på nettsidene deres, eller andre steder.
Warmpeace er ikke nevnt på nettsider som lister opp produsenter som garanterer dun produsert på en etisk riktig måte. Da velger jeg å tro at Warmpeace gir blaffen, og ikke tar hensyn til fuglenes liv når de kjøper dun til posene de lager. I hvert fall inntil de garanterer noe annet.

Og jeg oppfordrer alle til å sjekke at dunproduktene de kjøper er produsert på en måte som tar dyrevelferd på alvor. Da kan soveposen eller dunjakken brukes med bedre samvittighet.

Her er det eg finn på Hekta på tur sine sider om dene saka: 

"Etisk dun: Warmpeace fyller alle sine poser hos Tyske Karl Sluka. Karl Sluke GmbH er sertifisert av VDFI og EDFA for bl.a. etisk dun og garanterer at ingen dun kommer fra levende dyr."

Eg skal få fletta inn meir informasjon om dette i artikkelen ved eit seinare høve :)

ArveS

Skrevet

Siden vi alt er litt off-topic i denne tråden

Den 2.8.2016 at 16.49, Nimrad skrev:

 Kan ellers anbefale STS sine soveposlinere. En STS Reactor Extreme skal forbedre komforttemp med opp til 15 grader, veier (og koster) mye mindre enn en fjellduk og forlenger levetiden på soveposen. 

Noen som har erfaringer med å kombinere dun og syntet tresesongsposer på vinteren? Leker med tanken på å bruke lett dunpose med grense -1 innerst, og en lett syntetpose med grense 0 som "dyne" eller quilt rundt eller over. De to posene veier fortsatt nesten en kilo mindre enn min "gode" gamle Tyin...

Bjørn J

Skrevet

9 hours ago, Tessatroll said:

Her er det eg finn på Hekta på tur sine sider om dene saka: 

"Etisk dun: Warmpeace fyller alle sine poser hos Tyske Karl Sluka. Karl Sluke GmbH er sertifisert av VDFI og EDFA for bl.a. etisk dun og garanterer at ingen dun kommer fra levende dyr."

Eg skal få fletta inn meir informasjon om dette i artikkelen ved eit seinare høve :)

Flott at du fant den informasjonen, da kan man forhåpentligvis kjøpe Warmpeace-poser med god samvittighet :)

  • Liker 1
Tessatroll

Skrevet

5 timer siden, ArveS skrev:

Siden vi alt er litt off-topic i denne tråden

Noen som har erfaringer med å kombinere dun og syntet tresesongsposer på vinteren? Leker med tanken på å bruke lett dunpose med grense -1 innerst, og en lett syntetpose med grense 0 som "dyne" eller quilt rundt eller over. De to posene veier fortsatt nesten en kilo mindre enn min "gode" gamle Tyin...

Det er den kombinasjonen eg normalt brukar, når eg ikkje testar vinterposar, som i denne testen. 

Eg likar det godt av fleire årsaker:

  • 1 + 1 er ikkje 2 i dette tilfellet. Ekstra luft mellom posane gjer at det  vert...vel....kanskje 2,5? Hehe. Eg kan bruke ein gammal ME Titan 650, eller ein Viking 600 saman med ein tynn syntet på eit kilo, og ha det fint til 20 minus (med godt underlag). Ofte treng ein ikkje meir i norske vinterfjell.
  • Syntetposten tek av for fukt, kondensevt søl, smelta rim osv, og skånar dunposen. Ein tynn syntetpose er enklare å få tørka over stavane ved 20 min solglytt og/eller ein liten bris, enn ein tjukk pose. 
  • Det gir fleksibilitet for oppsett, å tenke kombinasjonsbruk, noko eg alltid verdsett. Kombinasjonprodukt "gir generalistpreg" i staden for spesialistpreg, som har ein tendens til å føre med seg mykje unødvendig handel.
  • Ved turar der eg likevel forventar meir enn 20  minus, kan eg bruke same prinsipp med i kombinasjon med vinterposen, dersom eg har den. Då får eg ein ekstrempose, noko som kanskje/ofte, er endå meir vekkasta å kjøpe enn ein skikkeleg vinterpose. Er vel ein grunn til at mange ektremposar ligg ute for salg etter ekspedisjonar....dei erkje brukande til så mykje anna. Ved Grønlandstur neste å, kjem eg til å gå for to-posesystem,med Viking 1200 og syntetpose utanpå.
Miamaria

Skrevet

Fikk en epost her nå fra hektapåtur, her er en del av den. :)

Skjermbilde 2017-02-15 kl. 08.17.25.png

  • Liker 1
Tessatroll

Skrevet

Var kjent materiale dette gitt :)

  • Liker 2
ViktorS

Skrevet

Ser det ble nevnt over her at det skulle brukes viking 1200 i ett to-pose system, med en syntet over posen. Hvilken syntetpose er valgt ut? Tenker på at en viking 1200 er jo temmelig fluffy, og man vil jo ikke ha en altfor trang syntetpose over.

zimwalker

Skrevet

På 15.2.2017 den 21.05, ViktorS skrev:

Ser det ble nevnt over her at det skulle brukes viking 1200 i ett to-pose system, med en syntet over posen. Hvilken syntetpose er valgt ut? Tenker på at en viking 1200 er jo temmelig fluffy, og man vil jo ikke ha en altfor trang syntetpose over.

Var vel ikke det hun sa, men at to-pose systemet er noe hun normalt bruker når hun ikke tester vinterposer, som denne Viking 1200. Hun skriver i en annen tråd at det er Viking 600 og Helsport Lom hun bruker når hun bruker to poser. Se her.
Edit: Litt for kjapp der, sorry! Husket at hun skrev om to-pose valget sitt i den tråden jeg linket til her, men nå ser jeg at hun over her også skriver at hun vil prøve 1200+ synt når hun skal til Grønnland neste år.  Sånn, da skal jeg ikke blande meg mer her....

  • Liker 1
zimwalker

Skrevet

I en test av soveposer publisert i Villmarksliv nr 3-2017 har de med  Warmpeace Viking 600, som de gir litt trekk pga at "Ytterstoff trekker noe fukt". De gir posen 8 poeng av 10 mulige. Testvinneren blant dunposene, Sea To Summit Talus TS2 Long, får 9 poeng. Den koster ca det dobbelte av Viking posen. (Tre av dunposene i testen får 7 poeng, fem får 8 poeng, og en - vinneren får 9 poeng. Viking posen er den billigste av dunposene)

  • Liker 1
Tessatroll

Skrevet

På 15.2.2017 den 21.05, ViktorS skrev:

Ser det ble nevnt over her at det skulle brukes viking 1200 i ett to-pose system, med en syntet over posen. Hvilken syntetpose er valgt ut? Tenker på at en viking 1200 er jo temmelig fluffy, og man vil jo ikke ha en altfor trang syntetpose over.

Helsport Lom for meg, Helsport Lom men med utvidelseskile til sambo. Dette fordi det er dei me tilfeldigvis har i hus :)

zimwalker

Skrevet

@Tessatroll Hei. Nå, snart 5 år etter, vil du si at Viking 1200 - og Warmpeace som merke - lever eller levde opp til forventingene? Noen store minus?

  • Liker 1



Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv en kommentar...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.